2021 har vore eit krevjande og uvanleg år. Under pandemien har lokalavisene gjort ein imponerande jobb for å halde innbyggjarane oppdaterte med livsviktig informasjon nærast døgnet rundt. Tusen takk!
Også vi i Landslaget for lokalaviser ser fram mot lysare tider. Blant anna håper vi å kunne ta i mot minst 200 lokalavismedarbeidarar i Ålesund når LLAs landsmøte opnar fredag 18. mars. Les meir om lokalavisenes store høgdepunkt her.
I mellomtida er det på tide å finne fram bidrag til årets lokalaviskonkurransar! Det er lærerikt i seg sjølv, og kanskje blir det nettopp di avis som får skinne aller mest når vinnarane kjem opp på scenen. Informasjon og innsendingsskjema finn du her.
Har du viktige hastesaker i romjulsdagene, finn du epost og mobilnummer til LLAs medarbeidarar her.
Hjarteleg på gjensyn i 2022.
Beste helsing LLA-sekretariatet