Ålesund by utsikt 6

Programmet klart: No kan du melde deg på LLAs landsmøte

Velkomen til LLA og lokalavisenes landsmøte i Ålesund i mars. I tillegg til debatt, foredrag, fagsesjonar og kulturinnslag, byr vi på tidenes største idédugnad for avisbransjen!

LLAs landsmøte på Scandic Parken i Ålesund skulle ha vore i mars 2020. Det satte pandemien ein brutal stoppar for. No er vi optimistar og satser på at alt går rett veg. Vi ønskjer alle lokalavismedarbeidarar og andre lokalavisvenner hjarteleg velkomen til Ålesund frå fredag 18. mars.

Du kan melde deg på her.

Dagen før den offisielle opninga fredagen, er det formelt årsmøte i Landslaget for lokalaviser, og generalforsamling i Lokalavissamkjøringa, torsdag 17. mars klokka 17.00.

Frå klokka 10.00 fredag 18. mars er det klart for registrering, leverandørbesøk, avisprat og Norges største avisbord. Den offisielle landsmøteopninga blir klokka 11.00 fredagen.

Utover dagen blir det valgfrie parallellsesjonar for redaksjonelle medarbeidarar, markedsmedarbeidarar og andre på avishuset.

Lørdagen gjer vi klart for lokalavisenes største idédugnad! Les meir om den her.

Landsmøtet blir avrunda med gjev festmiddag, konsert og prisutdelingar, blant anna kårer vi Årets lokalavis.

Program (oppdateringar kjem etter kvart)

Torsdag 17. mars 2022:

17.00: Formelt årsmøte i LLA og generalforsamling i Lokalavissamkjøringa, mest for daglege leiarar og redaktørar

Fredag 18. mars 2022:

Frå 10.00: Registrering, leverandørbesøk, avisprat og Norges største avisbord

11.00: Offisiell landsmøteopning; kulturinnslag, LLAs styreleiar Øystein Øygarden og inspirasjons- og trendforedrag med Lars Rinnan.

Debatt: Er lokalavisene tøffe nok? Samtale om lokalavisa som debattarena for innbyggjarane, i ei tid der både ungdommen og andre like ofte kjører debatten i sosiale medier.

Programleiar: Bibbi Kjølås, NRK

13.00: Lunsj, mingling, leverandørbesøk og avisprat

14.00 – 16.30: Parallelle fagsesjonar for alle på avishuset. Sjå eige program for fagsesjonane her

19.00: Fredagspizza, oppkjøring til Årets lokalavis-utdelinga og Ken André Ottesen, BA-desken. Musikk: Cato Thorsen.

Lørdag 19. mars 2022

08.00 – 09.30: Frokost, avisprat og leverandørbesøk.

09.30: Kulturinnslag og trendforedrag med Ingvar Sandvik, Kantar: Medietrendene for 2022 på 22 minutt! Deretter oppkjøring til lokalavisenes idédugnad

10.30: Lokalavisenes store idédugnad

12.00 – 13.00: Lunsj, avisprat, leverandørbesøk og Norges største avisbord

13.15 – 15.00: Idédugnaden fortsetter

Ca 15.30: Byvandring med guide

19.30: Festmiddag, kulturinnslag, gjeve prisutdelingar og konsert med Groove Gerilja. Det blir hits frå dei fleste musikksjangere og årstall når Groove Gerilja (bildet under) frå Ålesund entrer scena i eigen by. Bandet lovar at du får høyre låtar du har elska gjennom åra!

LLAs festmiddag blir leia av «Jan Erlings»: Jan Inge Fardal, sjefen i Nynorsk Pressekontor, og Erling Wåge, tidlegare redaktør i Fjordenes Tidende.

Her melder du deg på.

Kva alt koster, finn du i denne prislista:

LLAs landsmøtepriser2022

Meld deg på innan 25. januar.

PS! Også aviser som har «tilgodelapp» frå det avlyste landsmøtet for to år sidan, må melde medarbeidarane sine på på nytt no. Og for ordens skuld; hvis pandemien, mot formodning, fører til ny utsetting, kjem LLA med ny dato for årets landsmøte. Det skal bli landsmøte før sommarferien!


Lenker til andre landsmøtesaker:

Bli med i årets aviskonkurranser. Her sender du inn bidrag, seinast 25. januar.

Tidenes største idédugnad. Les meir her.

Slik blir fagsesjonane fredagen.