Bli med på lokalavisenes største idéfest!

Når lokalavisene inntar Ålesund 18. mars, gjer LLA klart for avisbransjens kanskje største idéskaping. Lokalavisene skal blant anne finne nye inntektsmuligheter.

Frå den første førebuinga av idédugnaden for lokalavisene: Ståande: Arne L. Bygdås (t.v.) og Aina Landsverk Hagen i Oslo Met. Ved bordet: Tomas Bruvik og Lene Østberg i LLA.

I Ålesund skal vi i mars toppe årets lokalavissamling med tidenes idéfest! Med over 230 lokalavismedarbeidarar, bransjefolk og andre lokalavisvenner samla på èin plass, inviterer vi til jakten på nye inntektsmuligheter, bedre journalistikk og større lesarengasjement.

– Bakteppet er dei store omveltningane som skjer rundt oss. Vi ser tydeleg at særleg ungdommen, men også eldre generasjonar, har heilt andre medievaner enn det vi sjølv hadde då vi var yngre. Som vi høyrte seinast på LLAs Lokal & digital-konferanse i haust bruker mange ungdommar meir tid på YouTube enn på lokalavisa. Også våre lokale annonsørar har eit hav med nye plattformer å bruke markedsbudsjetta sine på, seier LLAs nye generalsekretær Tomas Bruvik. Og spør:

– Kva gjer vi med dette? Og alt anna som skjer rundt oss – som faktisk påvirker korleis vi bør drive lokalavisene våre i dag og i morgon og om fem år?

– Dette vil vi prøve å svare på i Ålesund. Vi trur nemleg at lokalavismedarbeidararne sjølve, og våre leverandørar og øvrige gjester, har mange gode tankar, idear og svar. Når minst 200 lokalavisfolk kjem saman, så er nettopp dette anledningen vi bør bruke til å sleppe oss lause og dyrke dei spennande ideane. Eg trur vi skal klare å dyrke fram både praktiske tiltak avismedarbeidarane kan gå i gang med første arbeidsdag etter landsmøtet – og idear som avisene kan jobbe med på litt lengre sikt. Dette skal bli innovasjonsarbeid i praksis, seier Bruvik.

LLAs generalsekretær har fortsatt friskt i minne det store samarbeidsprosjektet mellom lokalavisene, LLA, NRK og Senter for undersøkende journalistikk. No gler Bruvik seg til å gå frå den eine vellukka idédugnaden og samarbeidsprosjekt til den andre.

Tidenes største idédugnad blir på lørdagen – og skal leiast av Gudrun Rudningen og Arne L. Bygdås ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI, Oslo Met. Aina Landsverk Hagen deltar også i planlegginga. Rudningen, Bygdås og Hagen har også tidlegare jobba med aviser og dei har god erfaring med denne type kreative prosessar. Dei er blant forfattarane av boka «Media Management and Digital Transformation».

– Saman skal vi få til ein idédugnad som landsmøtedeltakarane synest er kjekt å vere med på, og som vil opplevast nyttig for eigen aviskvardag, seier LLAs generalsekretær. Han håper og trur at enda fleire enn vanleg kjem til LLAs landsmøte – for å bidra til å gjere lokalavisene attraktive for morgondagens lesarar og annonsørar. Målet er at landsmøtedeltakarane skal få med seg masse god kunnskap heim til arbeidskvardagen.

Les meir om resten av landsmøteprogrammet her.

Vi har tatt bort påmeldingsskjemaet til landsmøtet. Hvis du eller andre i avisa vil melde seg på no, prøver vi fortsatt å ordne plass og hotelrom. Send ein epost til Lene Østberg i LLA i dag: lene@lla.no

Alt om landsmøtet her