Aarets-lokalaviser

Bli med i årets aviskonkurranser. Kanskje er det din avis som får skinne på neste landsmøte?

Tiden er inne for å se over alt det gode avisarbeidet som er gjort i løpet av året! Deltar du i LLAs lokalavis-konkurranser er det kanskje akkurat din avis som får heder og ære på landsmøtet i Ålesund i mars.

I sommer kunne vi endelig dele ut Årets lokalavis-prisene til Kyst og Fjord – og Dølen (bildene). De to lokalavisene fikk dermed velfortjent heder og ære for arbeidet sitt de siste par årene.

Snart skal LLA kåre nye vinnere i den ene og andre kategorien. Det er derfor på tide å finne fram bidrag til årets lokalaviskonkurranser. Fristen er tirsdag 25. januar.

Som vi så under den høytidlige prisutdelingen på Hotel Christiania Teater i juni: I LLAs aviskonkurranser vinner både små og store lokalaviser ære og berømmelse. For noen år siden oppdaterte vi statuttene, juryene ser også etter aviser som får mye ut av små ressurser.

Uansett om avisa til slutt kan hente hjem premier eller ikke, er selve deltakelsen nyttig. Og ja, vi vet det er tidkrevende å finne fram eksempler på godt arbeid bak i tid, men trolig er det uansett verdt det. Å se gjennom arbeid som redaksjonen og markedsmedarbeiderne har gjort de tolv siste månedene, kan gi masse inspirasjon for neste år. Så bruk litt tid i fellesskap på avishuset og finn fram det avisa mener er det beste fra 2021.

Som én av avisene sa til oss sist: «Ved å delta i konkurransane må du driva litt sjølv-evaluering når ein går gjennom eige arbeid for å plukka ut kva avisa skal senda inn som bidrag. Slik får medarbeidarane motivasjon til å laga fleire gode saker, og ei viktig påminning om at vi klarer mykje bra dersom vi berre vil.»

LLAs aviskonkurranser er både for redaksjonen og for markedsavdelingen. Under bildet ser du omtalen av den enkelte konkurranse. Helt nederst finner du praktiske opplysninger og innsendingsskjemaet. Selve bidragene sendes altså inn digitalt her på LLAs nettsider, senest tirsdag 25. januar.

Årets lokalavis

LLAs Årets lokalavis-konkurranse skal inspirere medlemsavisene til aktiv produktutvikling – og hedre lokalaviser som er lim og lupe på ein god måte i lokalsamfunnet. Juryen skal vurdere avisenes innhald og form, den skal sjå på heilskapen i avisas arbeid og produkt, men kan også legge vekt på kreative og nyskapande tiltak i avisa. Juryen skal også sjå etter lokalaviser som får mykje ut av lite.

Alle avisene som deltar, får tilsendt ei lita vurdering frå juryen.

Aviser som ønskjer å delta, skal sende inn tre valgfrie avisutgåver frå siste årgang. Det skal vere aviser frå begge halvår.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

Deltakande aviser kan samtidig også fylle ut ei enkel og svært kort eigenmelding på LLAs konkurransesider på nett. Her skal avisa føre inn kor mange redaksjonelle årsverk avisa har, og kor mange årsverk totalt som arbeider i avisa. Dersom avisa ønskjer, kan ho også skrive nokre få linjer om kva avisa er god til, og eventuelle spennande lesaraktivitetar det siste året. Utover dette finn LLA-sekretariatet fram opplagstal, dekningstal, økonomiske nøkkeltal og andre relevante opplysningar frå tilgjengelege kjelder for dei avisene som deltar – og legg dette fram for juryen.

Juryen skal vurdere heilskapen i avisproduktet – både på papir og nett. Sjølv om juryen ser både på papir- og nettutgåvene til avisene, skal også aviser som ikkje har ei sterk nettsatsing kunne kåres til Årets lokalavis. Også aviser som ikkje kjem ut på papir, kan delta. Det er heilskapen som skal leggjast til grunn. Juryen ser blant anna på innhald, bilde, presentasjon og annonser.

LLAs markedspris

LLAs markedspris-konkurranse skal inspirere medlemsavisene til aktivt markeds- og salgsarbeid – og hedre lokalaviser som får mykje ut av sitt lokale annonsemarked. Juryen kan både sjå på heilskapen i avisas markedsarbeid og annonseprodukt, men kan også legge vekt på kreative og nyskapande tiltak i avisa.

Hugs; det enkle er ofte det beste! Sjølv små, kreative markedstiltak kan sendast inn.

Deltakande aviser kan fylle ut ei enkel og svært kort eigenmelding på LLAs konkurransesider på nett. Her skal avisa føre inn kor mange årsverk som arbeider med annonser, og kor mange årsverk totalt som arbeider i avisa. Avisa skal også kort omtale den konkrete markeds- eller salgsaktiviteten som avisa bidrar med i konkurransen. Her kan avisa også gi ei kort vurdering av kva tiltaket betyr for avisas omdømme i lokalmiljøet. Husk å få fram kva effekt markedstiltaket har hatt for kunden eller avisa – og gjerne kva inntekter avisa di har fått inn på tiltaka.

Utover dette finn LLA-sekretariatet fram opplagstal, dekningstal, økonomiske nøkkeltal og andre relevante opplysningar frå tilgjengelege kjelder for dei avisene som deltar – og legg dette fram for juryen.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

LLAs journalistpris

LLAs journalistpris deles ut til ein journalist eller ei lokalavis som har utført samfunnsoppdraget på ein eksemplarisk måte. Juryen ser etter saker som er eit eksempel til etterfølging for journalistikken i avisbransjen, gjerne også journalistisk arbeid under koronapandemien.

Aviser kan delta med enkeltsaker eller artikkelseriar. Kvar avis kan bidra med maksimum tre bidrag.

Deltakande aviser skal skrive ei eigenmelding på maksimum to A4-sider. Her skal avisa omtale det journalistiske arbeidet og grunngje kvifor journalisten eller avisa fortener journalistprisen. Avisa kan også gi ei kort eigenvurdering av kva tiltaket betyr for avisas omdømme i lokalmiljøet.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

Årets digitale satsing

LLAs digital-konkurranse skal inspirere medlemsavisene til digital produktutvikling. Avisene kan bidra både med digital historiefortelling, lyd- og videoinnslag, animasjonar, grafikk eller andre måtar å gjere lokalavisas innhald spennande og tiltalande for lesarane på nett. I Årets digitale satsing skal juryen mest sjå på enkeltavisers kreative og nyskapande tiltak, men kan også sjå på den digitale heilskapen til avisa.

Deltakande aviser skal skrive ein kort omtale av avisas bidrag og digitale satsing.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato. Avisa må også sende lenke til bidraget som avisa ønskjer å vise fram i konkurransen.

Årets lokalavisfoto

LLAs fotopris skal oppmuntre til bedre fotojournalistikk i lokalavisene. Vi ser etter bilde eller videoinnslag som fangar merksemda til lesarane og gjer ei god historie enda bedre.

Avisene kan bidra med bilde i papiravisa og/eller bilde eller video på nett, og juryen står fritt til å dele ut prisane til beste bidrag, uavhengig av plattform.

Deltakande aviser kan sende inn maks tre bidrag per journalist i avisa. Eitt bidrag kan vere enkeltbilde, bildeserie og/eller videoinnslag. Bidragsytar skal også sende inn avissida der bildet har vore publisert. Dersom avisa bidrar med nett-bilde eller video, må avisa sende lenke til desse, og avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

Årets lokalavisside

Årets lokalavisside skal oppmuntre til god formgjeving og eit bevisst forhold mellom presentasjon og innhald i papirutgåvene.

Avisene kan bidra både med nyhetssider, reportasjesider eller førstesider.

Kvar avis kan bidra med maks tre bidrag kvar, og LLAs fagjury velger ut fem finalebidrag. Etter finalerunden er det landsmøtedeltakarane som stemmer fram fram Årets lokalavisside.

Generelt for alle konkurransane:

Det kostar 800 kroner å delta i Årets lokalavis-konkurransen og 500 kroner for kvar av dei andre konkurranseklassane. Det er same pris uansett kor mange bidrag som blir sendt inn i kvar klasse.

Alle bidrag må ha blitt publisert eller gjennomført i løpet av det siste kalenderåret.

Felles frist for alle konkurransane: Tysdag 25. januar 2022. Alle bidrag sendes inn her på LLAs nettsider. Innsendt bidrag betyr at avisa er påmeldt, det er ikkje eige påmeldingskjema utover dette.

Filer som sendes inn må merkast med navn på avis, og i foto og journalistpriskonkurransen må også navn på journalist/fotograf vere med i filnavnet

F.eks:

  • Årets lokalavis: Avis1.filformat
  • Årets lokalavisfoto: Avis_Kari_Hansen_1.filformat

Alle prisar blir delt ut på LLAs landsmøte i Ålesund frå fredag 18. mars. Avisa kan sjølvsagt delta i alle konkurransar uavhengig om avisa er med på landsmøtet eller ikkje. Alle LLAs aviser oppfordres til å delta. Desto fleire som er med, jo meir spennande og ærefulle blir konkurransane!

Har du praktiske spørsmål? Ta gjerne kontakt med Lene Østberg i LLA, lene@lla.no eller mobil 452 89 222.