Landslaget for lokalaviser (LLA) var i open høyring i Stortingets transport- og kommunikasjonskomite onsdag. LLAs styreleiar Øystein Øygarden, som også er redaktør i Vest-Telemark blad, var der svært takknemleg for det klare signalet om nytt distribusjonsanbod – og at papiravisene – utan unntak – skal fram til abonnentane. Øygarden var tydeleg på at lokalavisene arbeider med digitalisering nærast døgnet rundt, men at mange innbyggjarar i ein overgangsperiode også vil ha avisenes papirutgåver. Framleis finansierer lokalavisenes papirutgåver den digitale satsinga til avisene.
– Derfor er det så utruleg viktig for lokalavisene å kome seg heilskinna fram til nytt anbod blir innført i juli neste år. Utan dette vil verdien av det nye anbodet bli svært svekka, sa Øygarden i Stortinget.
LLA skal attende i Stortinget måndag. Saman med åtte andre presseorganisasjonar skal LLA då i høyring hos familie- og kulturkomiteen.
Her kan du laste ned notatet som komitemedlemmene fekk utdelt:
LLAnotat til transportkomiteen
Les heile innlegget til Øystein Øygarden her:
«Takk for at me fekk koma.
Fyrst av alt: Me er svært takknemmelege for det klare signalet frå samferdselsdepartementet om nytt anbod – og at papiravisene – utan unntak – skal fram til abonnentane. Dette er heilt avgjerande for at ei lokalavis som Vest-Telemark blad skal kome i mål med å gjera lesarane heildigitale.
Men: Vegen dit er humpete. Amedia distribusjon har sagt opp dei fleste avtalar om distribusjon ute i distrikta og mange lokalaviser står utan distribusjon frå mars/april.
For VTB vil det vera heilt nødvendig med ei trygg bro frå Amedia sluttar å levere avisa fram til nytt anbod er på plass i juli. Me har om lag 1500 abonnentar – 1 av 3 papiravislesarar – som er vande med å få avisa med avisbod tidleg om morgonen.
Dette er abonnentar som bur i dei mest sentrale områda av Vest-Telemark. Dei risikerer nå å hamne på ordinær postgang og dermed få fredagsavisa etter helga annankvar veke.
Dette er abonnentar med store krav til distribusjon. Det er dei som ringer klokka 8 om avisa ikkje er i postkassa. Derfor er det grunn til å frykte at desse ikkje blir med vidare dersom dei ikkje får papiravisa på dagen. Og det er ingen automatikk i at desse blir digitale ved å slå av distribusjonsbrytaren.
Ei bro vil i praksis bety at Posten overtek dei abonnentane avisboda har levert til, og at dei gjer det til ein pris som er mogleg å bera. Her ser me at det er nødvendig med økonomisk støtte i dei månadane det gjeld.
Me kan ikkje tvinge lesarane kåns til å bli digitale. Men me prøvar alt me kan å digitalisere dei. Valkvelden sende med direkte frå bladstoga i fem og ein halv time. Me prøvar kån på podkast. VTB.no er oppdatert med det siste frå regionen, stort sett døgnet rundt. Men uansett kor mykje me prøvar å formidle at VTB er veldig mykje meir enn ei papiravis to gonger i veka – går digitaliseringa seinare enn me hadde trudd.
For mange er lokalavisa eit pustehol i ein kvardag der det meste går raskt og det meste av nyheitskonsumeringa går på skjerm.
VTB har lojale abonnentar og annonsørar som ser verdien i ei solid lokalavis. Me har ikkje lukkast med å få med oss papirinntektene over på det digitale. Og er heller ikkje nær ved å klare det.
Annonseinntektene frå papiret utgjer om lag 30 prosent av den totale omsetninga i bladstoga.
Derfor er det så utruleg viktig for kånn – og mange, mange andre lokalaviser – å kome seg heilskinna fram til nytt anbod blir innført 1. juli. Utan broa vil verdien av det nye anbodet bli svært svekka.»
Øystein Øygarden, styreleiar i Landslaget for lokalaviser (LLA) og redaktør i Vest-Telemark blad.
LLA-trioen i Stortinget onsdag: Rune Hetland (t.h.), Øystein Øygarden og Geir K. Hus