Det blir lyst ut anbod seinare i haust, som skal gjelda frå juli 2024. Anbodet er i første omgang for eitt år, men det blir lagt til rette for utviding med endå eitt år. LLA og MBL er informert om dette på eit møte med statssekretær Bent-Joacim Bentzen i Samferdselsdepartementet – og departementet har nettopp publisert den gode nyheten.
Det har lenge vore stor uvisse om kva som vil skje med papiravis-distribusjonen dei neste åra. Det nye anbodet vil framleis gjere det mogeleg å distribuere papirutgåver opp til fire dagar i veka i heile Norge.
Styreleiar Øystein Øygarden (bildet over) i LLA kommenterer det nye anbodet slik:
– Dette er svært positivt for lokalavisene landet rundt. No vil alle abonnentane få papiravisa også dei neste åra. Vi er glade både for at det kjem eit nytt anbod frå neste sommar, og at distribusjonen er sikra fire dagar i veka til alle abonnentar – uansett kvar dei bur i Norge, seier Øygarden.
– Lokalavisene får stadig fleire digitale lesarar, men det er framleis mange som vil ha papiravisa. Papirutgåvene finansierer mange lokalaviser si digitale satsing. Både for annonsørane og lesarane er det viktig at papirutgåvene kjem fram til alle postkassar, legg LLAs styreleiar til.
Samferdselsdepartementet utfordrar LLA og MBL til å raskt kome tilbake med kva tre kvardagar bransjen vil prioritere.
For kommentarar og meir informasjon:
Øystein Øygarden, styreleiar i LLA og redaktør i Vest-Telemark blad, mobil 958 93 437, oystein.oygarden@vtb.no
– Vi er glade for at distribusjonen er sikra fire dagar i veka til alle abonnentar – uansett kvar dei bur i Norge, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden (t.v.) etter møtet med statssekretær Bent-Joacim Bentzen (Sp).
På Samferdselsdepartementet si nettside kan du lese meir.