Sidan 2022 har styret hatt på handlingsplanen at dei skal rigge Suldalposten for ei papirlaus framtid. Det siste året har det skjedd ein del endringar som fekk styret til å akselerere prosessen, fortel styreleiar Endre Kvæstad.
– Polaris sa opp samarbeidsavtalen, distribusjonsløysinga endra seg, og trykkeri- og papirkostnadene er sjølvsagt noko som bidreg i vurderingane, seier han.
Treng ny journalist
Rekrutteringssituasjonen spelar også ei rolle. Styret har ikkje planar om å bemanne ned, men håpar tvert imot at det skal verte meir attraktivt å jobba i ei heildigital lokalavis. I dag er avisa underbemanna og slik sett sårbare.
Redaktør Esther Moe gler seg til å sleppe å bruke tid på å lage papiravis.
– I staden for å førebu førre vekes saker for papir, kan eg mekke nyheiter for i dag, seier ho.
Det blir heller inga eavis.
– Vi river av plasteret i ein bevegelse, seier ho, og legg til at dei er opptatt av å signalisere til lesarane at dei er hjarteleg velkomne til å ta kontakt om dei treng hjelp med den digitale overgangen.
90 prosent digitale
Ho synest det er vemodig at ho og resten av dei tilsette ikkje lenger skal kunne halde i eit fysisk produkt som dei har laga, og ho veit at papiret er ein viktig vane for mange abonnentar. Men over 90 prosent av abonnentane har registrert seg som digitale brukarar.
– Suldølen har blitt van med å lese avisa digitalt, og vi ser at folk set pris på å få nyheitene på nett med ein gong. Vi var ganske frampå med å kutte frå to til ei utgåve i veka, og har eit renommé for å vere tidleg ute i vår region, seier ho.
No synest ho det er spennande og godt å vere tidleg ute med å kutte også den siste papirutgåva.
Førebudd på raude tal
Dei digitale medievanane til abonnentane var med på å vippe vektskåla for styret si avgjerd, fortel styreleiar Endre Kvæstad.
No er han spent på kva som skjer med annonsemarknaden, som framleis, rimelegvis er størst på papir. Suldalsposten har hatt svært gode resultat dei siste åra, no riggar dei seg for to-tre år med raude tal eller null-resultat.
– Vi trur ikkje at annonsemarknaden på nett vil ta av og tette gapet umiddelbart, men vi trur at dette blir bra etter kvart, seier Kvæstad.
– Det som er mest avgjerande for resultatet er god kvalitet på journalistisk innhald – noko Suldalsposten har god tradisjon for å ha, legg han til.
Suldalsposten er ei uavhengig avis, med Suldal kommune som største aksjonær.