Uavhengige og små lokalaviser treng meir og betre kunnskap om folk sine lesar- og brukarvanar – for å lage betre journalistikk. Derfor må avisene ha meir effektive måleverktøy og større digital kompetanse.
I lys av dette, og med hjelp av innovasjonsmidlar frå Medietilsynet, er 13 lokalaviser i gang med eit nytt innsiktsprosjekt. Fleire har tatt i bruk analyseverktøyet Kilkaya og får jamleg hjelp av Franchesa Danclar (bildet under) for å bruke verktøyet.
No er også Kirsten M. Myklebust (bildet over) på plass for å bidra med redaksjonell kompetanse. På frilansbasis skal Myklebust vere samtalepartner og gi råd og veiledning til avisene som er med i innsiktarbeidet. I løpet av det neste året skal dermed enda fleire lokalaviser kunne gjere betre redaksjonelle prioriteringar basert på analyse og innsikt.
Med Kirsten M. Myklebust på laget, ligg alt til rette for ein lærerik og inspirerande vinter og vår for avisene som deltar i prosjektet. Kirsten M.Myklebust (62) avrunda redaktørjobben i Jærbladet tidlegare i år – og har lang og brei erfaring innan ledelse, media, kommunikasjon, innhald- og digital produktutvikling. Ho har jobba strategisk og operativt i tre mediekonsern: Amedia, Nordsjø Media og Schibsted. I tillegg har Myklebust fire år i kommunikasjon og IT i Statoil (no Equinor), og to år som avdelingsleiar ved Sølvberget bibliotek- og kulturhus i Stavanger.
Følgjande 13 aviser er med i innsiktsprosjektet: Akers Avis Groruddalen, Bygdebladet (Ålesund-Vestnes-Fjord), Bø Blad, Fjell-Ljom, Grannar, Kronstadposten, Ryfylke, Saltenposten, Selbyggen, Storfjordnytt, Svalbardposten, Vestavind og Malviknytt.
Avisene skal blant anna ha ei innsiktssamling i forkant av LLAs Lokal & digital-konferanse på Pressens hus torsdag 2. november.
Det er Ryfylke i Sauda og Kronstadposten i Alta som er prosjekteigarar. Dei samarbeider tett med oss i Landslaget for lokalaviser i gjennomføringa av arbeidet.
Franchesa Danclar bistår lokalavisene i bruken av Kilkaya.