For første gong er avisenes samla annonseinntekter størst på nett, men for dei fleste lokalavisene er det framleis annonseinntektene på papir som er størst.
For første gong er avisenes samla annonseinntekter størst på nett, men for dei fleste lokalavisene er det framleis annonseinntektene på papir som er størst.

Tiltakspakken på høyring: LLA arbeider vidare med utforminga

I august kan mediene søke om økonomisk støtte dersom det totale inntektsfallet har vore minst 15 prosent frå midten av mars til 30. juni. LLA synest ikkje ordninga er god nok og arbeider vidare for at den skal kome lokalavisene bedre til gode.

For eit par veker sidan blei det klart at det blir løyvd 300 millionar kroner ekstra til mediene gjennom revidert statsbudsjett for inneverande år. Landslaget for lokalaviser (LLA) og dei andre presseorganisasjonane har jobba nærast dag og natt for å gjere innretninga så god som mulig.

No ligg det konkrete forslaget til på bordet. Siste frist for å søke støtte er torsdag 13. august.

LLA og dei andre presseorganiasjonane sitt ønskje om å få til ein annonsekompensasjon framføre ein pakke der ein legg mest vekt på det totale omsetningsfallet i avisene, har ikkje blitt innfridd så langt. Dette er hovudpunkta i forslaget som kuturminister Abid Raja la fram i dag fredag:

  • Det settes lik prosentsats for å kunne søke, det vil si at både lokale, regionale og nasjonale redaktørstyrte medier som har hatt et omsetningsfall på minst 15 prosent skal kunne søke. Søknadsperioden er fra 15. mars til og med 30. juni.
  • Mediene kan få kompensert inntil 60 prosent av omsetningsfallet i perioden, oppad begrenset til 15 millioner kroner.
  • Ordningen forvaltes av Medietilsynet, og regelverket for ordningen sendes i dag til bransjeorganisasjoner for en kort høring.
  • Ordningen må godkjennes av ESA før Medietilsynet kan åpne for søknader.
  • Rammen for ordningen er satt til 300 millioner kroner.

Litt meir finn du på Kulturdepartementets nettsider.

– LLA veit at det er eit sterkt ønskje i Kulturdepartementet og Stortinget om å hjelpe lokalavisene. Sjølv om det er gjort endringar til det betre sidan krisepakken vart presentert i mai, kan vi ikkje vere nøgd med det som kom i dag. Vi har rekna oss til at for mange aviser fell utanfor, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet).

– Aller helst hadde vi håpa at regjeringa ville bli med på ei ordning med annonsekompensasjon i staden for den omsetningskompensasjonen som no er presentert. Lokalavisene har, og vil fortsatt oppleve betydelege tap av annonseinntekter, i ei tid der behovet for journalistikken til lokalavisene knapt har vore større, seier Tomas Bruvik.

(Saken held fram under annonsen)

– LLA skal gi enda fleire innspel gjennom høyringsrunden som er i gang i desse dagar. Vi vil be om at innslagspunktet blir tatt ned og at kompensasjonen går opp. Vi ønskjer altså at det skal mindre økonomisk omsetningstap til for å få støtte, gjerne 10 prosent, og at avisene skal kunne få meir enn 60 prosent i kompensasjon. Vi ønskjer også at kompensasjonsperioden skal utvidast, frå juli og utover året, så lenge det er eit behov for det, seier Bruvik.

LLAs generalsekretær har uansett følgjande plaster på såret:

– Vi er glade for at også lokalaviser som til vanleg står utanfor pressestøtteordninga kan søke om kompensasjon for tapte inntekter, så sant det totalte omsetningstapet har vore minst 15 prosent.

– La oss heller ikkje gløyme at LLA nyleg fekk gjennom ein svært viktig pressepolitisk seier. Ein stor del av auken i den ordinære produksjonsstøtta skal gå til dei minste lokalavisene. Mediestøttemeldinga som dåverande kulturminister Trine Skei Grande la fram på LLAs landsmøte i Drammen i fjor, var eit gjennombrot for LLA og lokalavisene, seier Tomas Bruvik. Mange lokalaviser vil få ein betydeleg auke i produksjonsstøtta frå og med i år, og det kjem naturleg nok ekstra godt med i desse vanskelege tidene, seier Bruvik. Han er også glad for at Medietilsynet har utbetalt forskot på den ordinære produksjonsstøtta, slik at lokalavisene har fått sårt tiltrengt likviditet i ei vanskeleg tid.

LLAs generalsekretær er også opptatt av korleis små og store bedrifter i distrikta klarer seg:

– Dei viktigaste inntektene for lokalavisene er abonnementsinntektene og annonseinntektene. Det mest avgjerande er derfor at butikkar og anna næringsliv i distrikta klarer seg. På den måten har folk arbeid, og lokalavisene kan fortsatt få tak i brukarinntekter og annonseinntekter.

Medietilsynet informerer fredag om følgjande viktige fristar:

  • Mandag 29. juni kl. 12.00: Medietilsynet åpner opp for at medier som skal søke om kompensasjon kan registrere seg i tilsynets digitale søknadssystem. Alle aktører som ønsker å søke, må registrere seg i systemet i forkant.
  • Tirsdag 4. august: Søknadsskjema tilgjengelig, og det blir mulig å søke om kompensasjon.
  • Torsdag 13. august: Siste frist for å søke kompensasjon. Det blir ikke mulig å søke etter at fristen har gått ut.
  • Utgangen av august: Kompensasjonen utbetales.