– Vi hadde jo håpa på ei større ramme enn 300 millionar kroner. Det har knapt tidlegare vore større behov for lokalavisene og journalistikken vår, samstundes som annonseinntektene har svikta. Derfor er det i alle fall viktig at den endelege pakken får ei utforming som gjer at lokalavisene kjem brukbart ut av det, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden (t.h.) og generalsekretær Tomas Bruvik. Dei to leiarane i LLA skulle gjerne ha sett ei ordning med annonsekompensasjon i staden for den ordninga med omsetningskompensasjon som no er føreslått.
– LLA er også uroa over at mange lokalaviser slett ikkje er over den verste kneika. Både i sommar og utover hausten blir mange kulturarrangement og andre lokale aktivitetar i distrikts-Norge innstilt. Det betyr fortsatt store tapte inntekter for lokalavisene.
– Det er derfor både den økonomiske ramma og sjølve innretninga er viktig, slik at lokalavisene som treng det mest, blir tilgodesett, seier Øygarden og Bruvik. Dei understreker også at den endelege støttepakken til mediebransjen må bli ei ordning som varer ei god stund.
Heller ikkje mediepolitisk talsperson Tage Pettersen i regjeringspartiet Høgre skal vere veldig nøgd med resultatet etter at regjeringspartia torsdag kveld er blitt enige med FrP om statsbudsjettet. I ein SMS til Medier24.no seier Pettersen følgjande:
– Det viktigste var etter min mening å få en ordning som traff de med reelle behov, fremfor en innretning der det trolig ikke vil være mulig å bruke opp den avsatte rammen. Men dette har nok druknet i de store tallene. Så jeg er ikke happy med resultatet. Det blir viktig nå å følge med for å eventuelt justere innretningen basert på erfaringen med ordningen, uttaler Høgres talsperson til M24.
I neste veke blir det ei endeleg høyring om revidert statsbudsjett. LLA arbeider då vidare med å gi innspel slik at innretninga på mediepakken blir så god som mogeleg.