Heilt ny bok om pressestøtta

I dag blei boka om pressestøtta lansert. LLA deltok i debatten.

Boka «Pressestøtten» er ført i pennen av Paul Bjerke og Lars Julius Halvorsen – og er gitt ut på forlaget Orkana Akademisk. Då boka blei lansert på Pressens hus torsdag, inviterte forlaget til debatt om pressestøttas historie og framtid – leia av Altingets redaktør Veslemøy Østrem. I samtalen deltok Landslaget for lokalaviser (LLA) sin generalsekretær Tomas Bruvik, Avisa Oslo-redaktør Eirik Hoff Lysholm og stortingspolitikarane Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og Tage Pettersen (Høgre). Alle var stort sett enige om at pressestøtta fungerer slik den var tenkt, blant anna for å ha eit sterkt mediemangfald.

LLAs Tomas Bruvik understreka at LLA og lokalavisene rett nok har fått på plass langt meir i produksjonsstøtte til lokalavisene no enn for nokre år sidan, men at produksjonsstøtta til ei handfull store nummer 2-aviser, og momsfridomen til andre medier, fortsatt utgjer langt større summar enn det dei minste lokalavisene får i direkte produksjonsstøtte i dag.

– Samtidig er vi veldig glade for at vi har fått gjennomslag for at mange av våre lokalaviser under 2000 i opplag no får over éin million kroner. Slik kan lokalavisene våre lage enda betre journalistikk i store deler av Norge, sa Bruvik.

– Både Åslaug Sem-Jacobsen og Tage Pettersen skal ha ros for at dei forstår lokalavisenes behov, la han til.

Jens Barland ved Høyskolen Kristiania anmeldte boka etter at forfattarane Paul Bjerke og Lars Julis Halvorsen, begge tilknytt Høgskulen i Volda, presenterte bokas innhald. I det store og det heile gav han Bjerke og Halvorsen mykje skryt for boka.

Forlaget skriv dette om den nye boka si: «Pressestøtten ble innført på 1960-tallet. Den har gått til riksdekkende meningsbærende aviser, andre nummer to-aviser og små lokalaviser. Pressetøtten har overlevd både partipressen, digitaliseringen, mediekrisene og en rekke regjeringsskifter – hvorfor har den det? Vil den overleve i 50 år til?»

Meir om boka på forlagets eigne nettsider.