Det er mange av lokalavisene med opplag under 2000 som i inneverande år får eit kraftig løft i produksjonsstøtta. Fleire får rundt 200.000 kroner meir i år enn tidlegare. Medietilsynets fordeling viser at også mange andre lokalaviser kjem godt ut av det.
Alt dette er eit resultat av dei styringssignala dei siste regjeringane har gitt om å prioritere opp støtta til lokalavisene. Den flotte og velfortente veksten til dei minste avisene er samtidig noko Landslaget for lokalaviser (LLA) har jobba iherdig med over mange, mange år.
– Vi er sjølvsagt veldig glade for den solide veksten til dei minste lokalavisene. Vi i LLA set pris på å bli høyrde om behovet for eit løft for lokalavisene. Slik kan også dei minste avisene fortsetje den viktige jobben dei gjer for innbyggjarane i sine lokalsamfunn landet rundt.
Det seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet). Samtidig som han og LLAs styre gler seg over pressepolitiske gjennomslag, meiner Bruvik at støtteordninga snarast må bli ei rettigheitsordning, noko også LLA arbeider for.
– Då ville vi kunne unngå at støtten til nye aviser, og aviser som skiftar kategori i pressestøtteordninga, går ut over dei som frå før er med i ordninga. I år gir dette dessverre utslag i mindre støtte for fleire nummer 2-aviser og nisjeaviser, seier LLAs generalsekretær.
– Enkelte aviser får relativt kraftig nedgang i støtta. Dette skuldast stort sett at nye aviser kjem inn i avisgruppene, og det kan gje veldig uheldige utslag, legg Bruvik til.
Medietilsynets direktør Mari Velsand seier dette om årets fordeling og støtteordninga:
– Ordningen er innrettet for å styrke særlig nyhets- og aktualitetsmedier i markeder som er for små til å være bærekraftige, eller som er alternativer til de ledende nyhetsmediene. Derfor er den viktig for det samlede mediemangfoldet, både nasjonalt og lokalt.
Sjå Medietilsynets nettsider for årets produksjonsstøtte.
Her kan du lese meir om LLAs innspel til pressestøtte og rammevilkår – gitt til Stortingets Familie- og kulturkomite for eit par veker sidan.
Redaktørforeningen- og LLAs høstmøte i forrige veke: LLAs styreleiar Øystein Øygarden fortalte kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery om lokalavisenes kvardag og framtid. I dag kom årets fordeling av produksjonsstøtten, der dei fleste lokalaviser får eit godt løft.