Hetland_alle

Lokalavisene eitt av dei viktigaste fundamenta i lokaldemokratiet!

– Lokalavisene viser heile tida at dei er eitt av dei viktigaste fundamenta i eit levande lokaldemokrati. Det sa pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland då LLA og dei andre presseorganisasjonane i dag møtte til høyring i Stortinget.

Det er blant anna jobben som lokalavisene nyleg har gjort rundt årets lokalval som var bakgrunnen for at LLAs pressepolitiske rådgjevar tok fram nokså store ord då han måndag møtte til høyring i Stortingets familie- og kulturkomité (bildet).

– Lokalavisene har vore avgjerande viktige for å få fram partia sin politikk, personane og forskjellane og slik stimulere folk til å bruke stemmeretten. Med andre ord; lokalavisene viser heile tida at dei er eitt av dei viktigaste fundamenta i eit levande lokaldemokrati, sa Rune Hetland.

LLA ba både om vidare løft i produksjonsstøtta og støtte til LLA og lokalavisenes nye satsing på samarbeidande journalistikk – der redaksjonelle medarbeidarar på ein samarbeidsdesk kan innhente og bearbeide data som lokalavisene kan bruke til å levere meir gravande, viktig og undersøkande journalistikk.

Les heile Hetland sitt innlegg nederst i saken. Her kan du laste ned eit notat som medlemmene i kulturkomiteen fekk av oss:

LLAnotat_Kulturkomiteen_okt23

Også Sálas – Samisk forlegger- og avisforening, Norsk Redaktørforening, MBL, NJ, Fagpressen, Norsk Lokalradioforbund, IJ, SUJO og NRK deltok i dagens høyring.

Nederst i saken kan du lese Sálas sitt innlegg.

Geir Wullf (t.v.) i Sálas og Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser deltok i høyring i Stortinget i dag.

Heile innlegget til LLA:

«Takk for at me får møta dåke. Eg heiter Rune Hetland og er pressepolitisk rådgjevar i LLA. Eg har vore med lenge, ja dette er vel snart 100 gongen eg er på høyring for å fortelja om dei viktigaste avisene i verda; lokalavisene landet rundt!

Me har nettopp lagt bak oss eit lokalval der lokalavisene har vore avgjerande viktige for å få fram partia sin politikk, personane og forskjellane og sånn stimulere til å bruke stemmeretten. Med andre ord; lokalavisene viser heile tida at dei er eitt av dei viktigaste fundamenta i eit levande lokaldemokrati.

Som Johan Giertsen i Pollofpoll nyleg sa; «Lokalavisene er folkets fanebærere.»

Mediemangfaldet i landet vårt er unikt, men det er ikkje sjølvsagt, og må tas vare på gjennom ein aktiv mediepolitikk som nedfelt i §100 i grunnlova.  Som prinsippet om fritak for avgift på norsk journalistikk frå 2016, som ikkje må setjast i spel. LLA støttar det arbeidet våre kollegaer i MBL og dei andre presseorganisasjonane gjere for å få dette heilt på plass.

Den siste økonomirapporten frå Medietilsynet viser kraftig svekka økonomi for mediene i 2022. Som før er det store forskjellar og det er dei mange små lokalavisene som har klart svakast økonomi. Då skal dåke vita at det har betydning for lokaldemokratiet det dåke gjer.

LLA set pris på at støtta til dei mindre lokalavisene er styrka dei siste åra, men dyrtid for folk og aviser gjer at vi ber om vidare løft for at lokalavisene skal klare både å levere på samfunnsoppdraget – og å omstille seg til ei digital framtid.

LLA ser det som viktig at produksjonstilskottet blir ein rettigheit, for å vera forutsigbart.

KI, falske nyheiter, nye media for å nå unge er stikkord for å be om ei ekstra satsing på kompetanse. Både IJ, LLA og SUJO bør få eit løft i støtta til etterutdanning.

Vi i LLA er stolt over å at me  har i år har rekord med over 700 lokalavismedarbeidar på skreddarsydde avisfaglege kurs. Dette er gjort muleg av kursstøtta som LLA og lokalavisene forvaltar.

Til slutt vil me i LLA be komiteen om å studere søknaden vi har sendt Kulturdepartementet om støtte til samarbeidande journalistikk og ein samarbeidsdesk i LLA-regi.

Den store folkevandringa med over 700 publiserte saker i rundt 70 lokalaviser er etter vitande det største journalistiske samarbeidsprosjektet som er gjennomført i Europa. Ei vidareføring er etterlyst av lokalavisene. Dei treng ein felles desk som kan innhente og bearbeide data som lokalavisene kan bruke til å levere meir gravande, viktig og undersøkande journalistikk.

I ein travel kvardag med få ressursar, vil dette vere eitt av dei viktigaste tiltaka for å gje dei mange små lokalavisene livskraft inn i framtida.

Lokalavisene er grunnfjellet i mediemangfaldet. Me lever alle vår liv lokalt!»

Presseorganisasjonane stilte sterkt i Stortinget i dag: Frå venstre Solveig Husøy og Reidun Kjelling Nybø i redaktørforeningen, Dag Idar Tryggestad og Hege Fagerheim i NJ, Rune Hetland i LLA og Aslak Sommerfelt Skretting i lokalradioforbundet.

Sálas – Samisk forlegger- og avisforening sitt innlegg i Stortinget:

«Fra Sálas deltar Kari Lisbeth Hermansen og Geir Wulff.

Først minner vi komiteen om kong Haralds kloke ord om at staten Norge er grunnlagt på territoriet til to folk, nordmenn og samer.

Vi er nå inne i årets samiske språkuke, og i år 2 i FNs internasjonale tiår for urfolksspråk.

Tida er nå overmoden for å oppfylle lovnadene i Hurdalsplattformen om styrking av de frie redaktørstyrte mediers kår, om krafttak for samiske språk og om nasjonalt samisk kulturløft.

Tilskuddet til samiske aviser må økes med minst 6,4 millioner kr i tråd med siste alternative budsjett fra SV, og gis på særskilt post 75 Tilskudd til samiske aviser.

Vi reagerer med vantro og forferdelse over inndragelsen av distribusjonstilskuddet til avisene i Finnmark, i strid med mediestøttelovens § 9. Lever vi ikke i et demokrati og rettssamfunn?

Alle ser at departementet kraftig feilinformerte Stortinget i fjor. Og i år fremkommer ny stygg feil, hvor distribusjonstilskuddet er fjerna fra budsjettabell 4.14. Dermed skjules det pågående lovbrudd mot mediestøttelovens § 9. Ikke bare brytes denne loven med åpne øyne, departementet nekter også vår rett til konsultasjoner etter sameloven og krenker forpliktelsene i grunnlovens § 108 overfor oss som urfolk. Kort sagt: Vi blir tråkka på!

Finnmarkinger og samer oppfattes kanskje som enfoldige, men vi forventer faktisk at vedtatte lover skal overholdes, og ikke brytes. Når Stortinget vedtar en lov, er det for at den skal etterleves, ikke brytes.

Utviklinga er svært urovekkende, med dalende statlig respekt for lov og rett i samiskrelaterte saker. Selv ikke rettskraftige høyesterettsdommer respekteres.

Hvordan kan vi ha noen forsoningsprosess med storsamfunnet så lenge staten begår stadig ny urett og overgrep mot oss?

Loven tilsier at finnmarksavisene må få distribusjonstilskudd både i år og neste år. Stortinget må stoppe lovbruddet og slå ring om demokratiet, rettsstaten og lovverket.»