I fjor var Jan Magne Stensrud på scena på LLAs landsmøte for å fortelje om nokre av gravesakene avisa har jobba med. I år kjem han tilbake for å fortelje om korleis det har vore å stå i stormen etter at avisa avdekka ei omfattande mobbesak.
I fjor var Jan Magne Stensrud på scena på LLAs landsmøte for å fortelje om nokre av gravesakene avisa har jobba med. I år kjem han tilbake for å fortelje om korleis det har vore å stå i stormen etter at avisa avdekka ei omfattande mobbesak.

Få støtte til å løfte journalistikken

Spennande arbeid, journalistisk kvalitetsløft og lokalt engasjement er mellom resultata LLA-aviser har fått av prosjektstøtte til journalistikk.

Har du ein idé til ei sak som vil kreve litt ekstra å realisere? Det finst fleire gode støtteordningar for aviser som vil prøve seg på eit litt større journalistisk prosjekt. Fredag 6. mars er neste frist for å søkje om Fritt Ord-støtte til norsk journalistikk. Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) tar løpande imot søknader om støtte og reportasjeleiing av prosjekt.

Fleire LLA-aviser fekk nyleg Fritt Ord-støtte til å jobbe med større journalistiske prosjekt:

  • Bø blad har fått 150.000 til å skrive om kommunesamanslåinga mellom Bø og Sauherad. Dei vil mellom anna sjå nærare på pengebruken og praktiske utfordringar med samanslåinga.
  • Avisa Hemnes har fått 50.000 kroner til å grave i lokal næringslivshistorie.
  • Bømlo-nytt har fått 100.000 kroner til å lage ei grøn avis der dei går djupare enn tidlegare i lokale miljøsaker.
  • Grannar har fått 50.000 kroner til å undersøke spennande lokal historie.
  • Alvdal Midt i Væla har fått 60.000 til å undersøke sviktende barnetall i Tynset.
  • Mona Terjesen i Tysvær Bygdeblad har fått 80.000 til å grave i ei gamal overgrepssak som ho meiner ikkje har vore belyst så mykje som ho burde. Terjesen ønskjer mellom anna kople saka opp mot nyare varslingssaken og sjå på kva ein har lært av den gamle saka.
  • Drangedalsposten har fått 100.000 kroner til å undersøke kva journalistikken om mobbeproblema i Drangedal gjer med folk som bur i bygda. 

– Vi skriv saker som påvirker samfunnet på ein måte som vi ikkje aner rekkevidda av. Derfor vil vi undersøke kva som skjer med folks ære og identitet når ei slik sak når riksmedia og ei bygd blir stempla som mobbebygda, seier redaktør Jan Magne Stensrud. Du kan høyre han snakke meir om dette på LLAs landsmøte 13. mars. 

Drangedalsposten har tidlegare fått prosjektstøtte frå Fritt Ord for å grave i miljøforureining på ei nedlagt og ei aktiv skytebane i Drangedal. 

– Vi ser at funna våre fører til at vi kan lage journalistikk som gjer ein forskjell for innbyggjarane i lokalsamfunnet, sa Stensrud etter publisering.

Sidan har Drangedalsposten hatt meir undersøkande journalistikk. 

Mange har fått eit løft

Fleire LLA-aviser er i mål med eller i sluttspurten på prosjekt dei har fått støtte til tidlegare. Dei neste vekene vil vi omtale fleire prosjekt i idébanken, her er nokre som vi allereie har omtala: 

Dølen fekk støtte frå Fritt ord og reportasjeleiing frå SUJO då dei avslørte heile soga om Rondablikk, høgfjellshotellet som vart akuttmottak for asylsøkjarar over ei helg. 

Skjermbilde frå Dølen si sak om Rondablikksoga.

Finnmarksposten fekk prosjektstøtte frå Fritt Ord for å undersøkje kvar inntektene frå turistnæringa på Nordkapp-platået blir kanalisert. Prosjektet førte til auka engasjement i lokalmiljøet, kred til lokalavisa og eit journalistisk kvalitetsløft, sa redaktøren etter publisering.

Med støtte frå Fritt Ord gjennomførte Kvinnheringen eit graveprosjekt om laksenæringa. Resultatet var 37 avissider med gravejournalistikk og gode tilbakemeldingar. 

– Det har vore ein veldig spennande prosess, og eg har aldri vore så nøgd, sa journalist Elisabeth Berg Hass etter publisering.

Prosjektet gav meirsmak, og Kvinnheringen fekk Fritt Ord-støtte til eit nytt prosjekt. Denne gongen grov dei i kva som gjekk gale med det påkosta Folgefonnsenteret i Rosendal. Dei fekk også god hjelp av Senter for undersøkende journalistikk. Her kan du sjå ei av sakene i den omfattande serien.

I ein artikkelserie med støtte frå Fritt Ord sette Vest-Telemark blad søkeljoset på kraftverdiane i regionen.

Vest-Telemark blad brukte støtta dei fekk frå Fritt Ord til å hyre inn vikar. Ei utfordring fleire LLA-aviser støyter på etter at dei har fått støtte, er å få tak i den vikarhjelpa dei treng for å kome i mål med prosjektet. Kan det til dømes vere ein idé å kombinere dette med sommarvikariat? Om sommaren er det kan hende lettare å få tak i vikarar. Ta kontakt med laila@lla.no om du er i beit for folk, så gjer vi det vi kan for å hjelpe dykk med å finne gode kandidatar. 

Prosjekt som får avslag

Vi har sett nærare på nokre av dei søkjarane som ikkje fekk tilslag hjå Fritt Ord. Det er to typiske årsaker til avslag, forklarer rådgjevar Tonje Olsrud i Fritt Ord: 

1: Søknaden er for svak. Hugs at saksbehandlarane skal klare å sjå for seg korleis det endelege resultatet kan verte. Søknaden må derfor innehalde ein grundig omtale av prosjektet og kva ein ønskjer å finne ut eller oppnå, med potensielle kjelder, framgangsmåte, metode, oversikt over potensielle artiklar og budsjett. Ver mest mogleg konkret i søknaden, sjølv om mykje kan endre seg undervegs.

2: Prosjektet fell utanfor det Fritt Ord sitt program for ny journalistikk har som mål å støtte: Gravejournalistikk, innovativ journalistikk eller journalistikk av stor samfunnsmessig betydning. Prosjekt som inneber at ein gjer meir av den «vanlege» journalistikken fell utanom. Til dømes vil ein portrettserie falle utanfor dersom han ikkje vert knytta til noko konkret ein vil undersøke eller ein overordna tematikk. Temaet bør heller ikkje vere for smalt. Forsøk å finne ei form for allmenngjering som kan gjere at saka betyr noko for fleire enn dei involverte.

Sjå også Medier24s Ti tips til søknaden: Slik får du penger fra Fritt Ord

Og LLAs forslag til oppsett av søknad.

Aviser som vil diskutere idear kan òg kontakte LLA:

Tomas Bruvik: 411 08 523, tomas@lla.no

Laila Borge: 994 62 687, laila@lla.no