Redaksjonen i Dølen har jobba med eit omfattande graveprosjekt. Frå venstre: Tone Sidsel Sanden, Guro Vollen, Sigrid Gausen, Tor Larsen, Ane Vaet og Arafat Malik (prosjektstilling film). Marknadskonsulent Karoline Kamp var ikkje til stades då bildet vart tatt. Foto: Jan Magnus Weiberg-Aurdal/Medier24
Redaksjonen i Dølen har jobba med eit omfattande graveprosjekt. Frå venstre: Tone Sidsel Sanden, Guro Vollen, Sigrid Gausen, Tor Larsen, Ane Vaet og Arafat Malik (prosjektstilling film). Marknadskonsulent Karoline Kamp var ikkje til stades då bildet vart tatt. Foto: Jan Magnus Weiberg-Aurdal/Medier24

Dølen klare for å publisere større graveprosjekt

Dølen klare for å publisere større graveprosjekt – slik kom dei i mål med god støtte

Dølen har jobba grundig og godt med eit større graveprosjekt i lengre tid. Med økonomisk støtte frå Fritt Ord og hjelp frå SUJO, NRK og LLA er dei no i mål.

Dølen kan snart avsløre heile soga om Rondablikk, høgfjellshotellet som vart akuttmottak for asylsøkjarar over ei helg. Det er ei soge som mellom anna inneheld brann, pengegjeld og turbulente tider for dei involverte.

Fekk hjelp frå SUJO

Dølen fekk starthjelp gjennom LLAs «Grave lokalt»-prosjekt og støtte frå Fritt Ord. 

Då Dølen hadde jobba med saka ei stund, sat dei på svært mykje dokumentasjon. Men så førte kapasitetsmangel til at dei ikkje kom vidare. Då kontakta dei SUJO, Senter for undersøkende journalistikk, som tilbyr reportasjeleiing, metodehjelp og støtte til undersøkjande journalistikk.

– Det har vore heilt fantastisk for oss å få tilgang på den kompetansen som SUJO har, seier redaktør Tone Sidsel Sanden i Dølen.

SUJO har arrangert workshop, hjelpt Dølen med å systematisere materialet, vist dei nyttige verktøy og hatt tett oppfølging på telefon undervegs. Dølen fekk også inn journalist Sigrid Gausen som har utdanning frå SUJO.

– Ho flytta til Vinstra og har jobba med prosjektet i tett samarbeid med meg og andre i redaksjonen. Ho har verkeleg tilført oss noko positivt, det er fantastisk å få inn nye folk, seier Tone Sidsel Sanden.

Senterleiar Per Christian Magnus ved SUJO fortel at det er eit hovudmål for senteret å hjelpe lokal- og regionsmedium. Han syntest det var lett å velje å gå inn i eit samarbeid med Dølen.

– Dølen har vist stort engasjement for å ta på alvor det journalistiske oppdraget med kritisk undersøkjande journalistikk, seier han.

SUJO er opptatt av at prosjekta skal leie fram mot ein kultur for kritisk og undersøkjande journalistikk i redaksjonane dei samarbeider med.

– Når Dølen har vist så stort engasjement, har eg stor tru på at dei vil jobbe vidare med undersøkjande journalistikk. Målet er å auke mengda undersøkjande journalistikk i redaksjonane, seier Per Christian Magnus.

Samarbeid med NRK

Den siste tida har Dølen hatt dialog med NRK Innlandet. Difor spurde Tone Sidsel Sanden redaktøren om dei kunne tenke seg å samarbeide om prosjektet. NRK fatta interesse for temaet, og jobbar no med å lage radio-, nett- og tv-saker i samarbeid med Dølen. I tillegg har NRK vore med på møter og workshop, og dei bidreg med fotograf og videoar. Dei har også invitert Tone Sidsel Sanden i studio for å snakke om saka.

– Det har vore eit givande samarbeid for alle, og eg trur at slike samarbeid bidreg til å heve nivået på journalistikken. Og det er viktig for meg, å levere kvalitet til det beste for lesarane, seier Tone Sidsel Sanden.

Redaktør for NRK Innlandet, Inger Johanne Solli, håper at dei bidreg til å skape blest og merksemd om sakene til Dølen.

– NRK skal bidra til mediemangfald, og i den grad vi kan vere med å løfte fram Dølen og arbeidet deira ønskjer vi det, seier ho.

Ho skryt av prosjektet og arbeidet som Dølen har lagt ned.

– Vi brukar nok to-tre månadsverk på dette, så dette er eit prosjekt vi satsar på. Det har gitt meirsmak, og dukker det opp ei skikkeleg god sak kan vi definitivt gjere noko slikt igjen. Noko vi har lært er at det kan vere lurt å bruke tid på å diskutere grenser og forventningar i starten, seier ho.

Ho meiner det er viktig for NRK å forstå og respektere at avisene har betalingsløysingar. Dei har blitt einige med Dølen om kva rekkjefølgje sakene skal publiserast i. Samstundes håper ho at lokalavisene ser at det er ein fordel å bli sitert av NRK.

Fekk også hjelp frå Marienlyst

Tone Sidsel Sanden trur at det vert lettare å ta ein telefon til NRK etter å ha hatt eit slik samarbeid. Då ringer ho gjerne like godt til Marienlyst.

– Den viktigaste hjelpa vi har fått er frå NRKs dokumentar- og samfunnsavdeling. Dei har bidrege med kvalitetssikring av kjelder og faktasjekk, seier Sanden.

Prosjektredaktør i NRK Lars Kristiansen er på si side imponert over det Dølen har gjort.

– Dei hadde halde på lenge før vi kom inn, og det dei hadde gjort var fullt på høgde med all annan research som passerer hendene mine, seier han.

Han skildrar det som givande og gøy å samarbeid med ei lokalavis med førstehandskunnskap om den lokale verkelegheita.

– Lokalavisene har ofte ei mykje tettare oppleving av korleis samfunnsendringar, reformar og praktisering av lovverket slår ut lokalt. Vi kan bidra med rutiner og profesjonalitet på alt frå kvalitetssikring til publisering på ulike plattformer, seier han.

Han håper at andre lokalaviser også tek kontakt, og gjerne på eit tidleg stadium.

– Jo tidlegare vi vert kontakta, jo lettare er det å bidra, seier han.

Sjå også intervju med Tone Sidsel Sanden og Inger Johanne Solli på Medier24.