LogoerNyeDes2020

Fire nye medlemsaviser er no med i LLA

Fire nye lokalaviser blei med i Landslaget for lokalaviser (LLA) i desember.

 

Vi gler oss over at LLA har fått fire nye medlemmer mot slutten av fjoråret. Vi ønskjer følgjande aviser velkommen: Flatangernytt, Geita, Mitt Kongsvinger og Vårt Oslo. Alle desse er reine digitale lokalaviser.

I det nye året er det også fire lokalaviser som blir to. På Sunnmøre slår Sunnmøringen og Sykkylvsbladet seg saman og blir til Nyss, medan Opdalingen og Opp slår seg saman og blir ei lokalavis.

Vi minner om årets aviskonkurransar. Innsendingsfrister 18. januar. Gå tilbake i arkivet og send inn alt det gode som er gjort i 2020. Les alt om årets aviskonkurransar her.

Den 12. mars ønskjer vi å få til ein prisfest, der vi inviterer prisvinnarar frå 2019 og 2020.