LLAs landsmøte opnar klokka 11.00 fredag 18. mars.
Landsmøtehotel: Scandic Parken, Storgata 16, Ålesund.
Dagen før den offisielle opninga fredagen, er det formelt årsmøte i Landslaget for lokalaviser og generalforsamling i Lokalavissamkjøringa. Denne leiarsamlinga starter torsdag 17. mars klokka 17.00 – med eit foredrag av Mari Velsand, direktør i Medietilsynet. I løpet av årsmøtet blir det også ei pressepolitisk orientering frå LLA.
Frå klokka 10.00 fredag 18. mars er det klart for registrering, leverandørbesøk, avisprat og Norges største avisbord. Den offisielle landsmøteopninga er presis klokka 11.00 fredagen.
Utover dagen blir det valgfrie parallellsesjonar for redaksjonelle medarbeidarar, markedsmedarbeidarar og andre på avishuset.
Lørdagen gjer vi klart for lokalavisenes største idéfest! Les meir om den her.
Landsmøtet blir avrunda med gjev festmiddag, konsert og prisutdelingar, blant anna kårer vi Årets lokalavis.
Program
Torsdag 17. mars 2022:
17.00: Formelt årsmøte i LLA og generalforsamling i Lokalavissamkjøringa, mest for daglege leiarar og redaktørar. Også foredrag med Mari Velsand, Medietilsynet, og pressepolitisk orientering frå LLA.
Fredag 18. mars 2022:
Frå 10.00: Registrering, leverandørbesøk, avisprat og Norges største avisbord
11.00: Offisiell landsmøteopning; musikk med Angelica Storøy og Kristian Hoprekstad, kulturminister Anette Trettebergstuen (bildet) helsar gjennom videoinnslag, LLAs styreleiar Øystein Øygarden ønskjer velkomen og Lars Rinnan har inspirasjonsforedrag. Rinnan tar oss med på ei reise inn i framtida – til år 2029. Då har datamaskinane like høg prosesseringskraft som den menneskelige hjerne!
Debatt om debatt: Er lokalavisene relevante nok? Samtale om lokalavisa som debattarena for innbyggjarane, i ei tid der både ungdommen og andre like ofte kjører debatten i sosiale medier. Desse deltar i debatten: Liv Maren Mæhre Vold, Alvdal midt i Væla, Øystein Øygarden, Vest-Telemark blad, Mari Velsand, Medietilsynet, Inger Johanne Ruset, Sunnmørsposten, Knut Olav Åmås, Stiftelsen Fritt Ord og Pravin Selva, Ulstein vidaregåande skule.
Programleiar: Bibbi Kjølås, NRK
13.00: Lunsj, mingling, leverandørbesøk og avisprat
14.00 – 16.30: Parallelle fagsesjonar for alle på avishuset. Sjå eige program for fagsesjonane her
19.00: Fredagspizza, Ken André Ottesen, BA-desken. Musikk: Cato Thorsen.
Lørdag 19. mars 2022
08.00 – 09.30: Frokost, avisprat og leverandørbesøk.
09.30: Musikk med Jakob Sewerin og oppkjøring til lokalavisenes idéskaping:
Ingvar Sandvik, Kantar: Medietrendene for 2022 på 22 minutt
Jens Barland, Høyskolen Kristiania: Medieinnovasjon – globale trender, lokale løsninger
10.30: Lokalavisenes store idéfest! Gudrun Rudningen og Arne L. Bygdås ved Arbeidsforskingsinstituttet AFI, Oslo Met, leder idéskapingen
12.00 – 13.00: Ståande lunsj, avisprat, leverandørbesøk og Norges største avisbord
13.00 – 15.00: Idéskapingen fortsetter
15.30: Byvandring med guide (førehandspåmelding)
18.30: Aperetiff og fotografering på rød løper
19.30: Festmiddag, kulturinnslag, gjeve prisutdelingar og konsert med Groove Gerilja. Det blir hits frå dei fleste musikksjangere og årstall når Groove Gerilja (bildet under) frå Ålesund entrer scena i eigen by. Bandet lovar at du får høyre låtar du har elska gjennom åra!
Kva alt koster, finn du i denne prislista:
Vi har tatt bort påmeldingsskjemaet til landsmøtet. Hvis du eller andre i avisa vil melde seg på no, forsøker vi fortsatt å ordne plass og hotelrom. Send ein epost til Lene Østberg i LLA i dag: lene@lla.no
Jakob Sewerin opnar lørdagen. Foto: Aida Foto.
Under festmiddagen lørdagen: Groove Gerilja