Samstundes er det verdt å merke seg at utvalet foreslår at brev som hovudregel skal leverast til postpunkt, tidlegare kalla hentepunkt, som post i butikk. Men dei seier óg at det skal vere mogleg for dei som har behov for dette å få levering til postkasse ein gong i veka.
I januar 2024 oppnemnde regjeringa eit uavhengig ekspertutval for å utgreie korleis framtidas posttenester best kan organiserast med omsyn til ei rekkje samfunnsmessige behov. Utvalet leverte sin rapport 16. desember.
Bak behovet for endringar er at brevvolum er redusert kraftig dei siste tiåra. Staten dekker Postens nettokostnad ved leveringsplikta, og utviklinga har ført til at løyvingane til ulønnsame posttenester over statsbudsjettet har auka raskt.
Utvalet kjem i sin rapport blant anna med forslag til å endra korleis brev skal utleverast i framtida.
Samferdselsdepartementet har sendt postutvalet si innstilling ut på høyring med frist 17. mars. Etter dette vil departementet starte prosessen med politisk behandling og kome med forslag som Stortinget så skal vedta.
Dagens anbod for distribusjon av aviser gjeld fram til juli 2026. Det nye anbodet vil etter dette måtte bygge på det som blir rammene for posttenester vidare, med tydelege føringar om at det skal vere gode løysingar for avisdistribusjon.