Skjermbilete frå avisa Nordhordland.
Skjermbilete frå avisa Nordhordland.

Forteljinga om året som gjekk

Ved hjelp av avisarkivet kan du sy saman ei historie om året som gjekk.

Gjennom året har lokalavisa vore lim og lupe og dekka oppturar, nedturar og store og små hendingar. 1. januar publiserte Synne Grimen Hammervoll i Nordhordland eit tilbakeblikk på året som hadde gått. Då hadde ho brukt rundt ein halv arbeidsdag på å finne fram saker og skrive ein tekst som er fylt med lenker og mange bilete.

Heile årskavalkaden til Nordhordland kan du lese her (open).

– Utover sakene eg tek på hugs, trur eg eg pleier å søke på taggar, ord og begrep. Og så sjekkar eg forsidene våre gjennom året, fortel ho, og legg til at ho og har brukt oversikta over best leste saker.

I 2023 fann ho ut at det var næringsliv og menneske som gjekk mest att i sakene i Nordhordland.

«Det er få ting som er så spennande som teikna på at det skjer noko nytt i nærområdet. Som tilflyttarar, nye satsingar og nye butikkar. Utanom hendingar var det nettopp saka om ein nykommar i Amfi Knarvik som vekte størst interesse hjå lesarane til NH i 2023,» skreiv ho i saka, og gav ei oversikt over butikkar som har flytta inn og ut av senteret.