Presse Groove Gerilja 5
Bilde 1 av 6
Presse Groove Gerilja 2
Bilde 2 av 6
Groove Gerilja Presse
Bilde 3 av 6
Presse Groove Gerilja 4
Bilde 4 av 6
Ken André Ottesen
Bilde 5 av 6
LLA landsmote 2019 e
Bilde 6 av 6

Avlyst: Fag og kultur hand i hand på LLAs landsmøte

LLA og lokalavisenes landsmøte blir også i år ei topp blanding av foredrag, kurs, idèmyldring, erfaringsutveksling, prisutdelingar og kulturinnslag. Festmiddagen blir avrunda med full trøkk når partycoverbandet Groove Gerilja inntar landsmøtet.

Det er altså klart for hits frå dei fleste musikksjangere og årstall når Groove Gerilja (bildet) frå Ålesund entrer scena i eigen by lørdag kveld 14. mars. Etter eit godt måltid og høgtidlege prisutdelingar – der vi blant anna kårer Årets lokalavis – går Groove Gerilja i gong med hits frå ulike epokar og sjangere i musikkhistorien. Bandet lovar at du får høyre låtar du har elska gjennom åra!

LLAs festmiddag blir leia av «Jan Erlings», altså Jan Inge Fardal, påtroppande sjef i Nynorsk Pressekontor, og Erling Wåge, redaktør i Fjordenes Tidende.

Før vi kjem til festmiddagen og landsmøtets siste kveld, får du også andre inspirerande kulturinnslag. Under den offisielle opninga fredag klokka 11.00, opptrer ein ungdom frå Norske talenter. Dag to åpnes av Kjell «Kjellen» Bigset.

Fredagskvelden kjem endeleg Ken André Ottesen (bildet) og Instagramsuksessen BAdesKen til LLAs landsmøte. Etter tre bøker på rekke og rad med perler frå lokalavisene, håper og trur vi at Ken André no kjem til å skape liv også i LLA-leiren.

Deretter kjem musikalske krefter frå eigne aviser. Akkurat som i Drammen i fjor, plasserer vi eit piano på scenen og inviterer talent frå egne rekker til å skape god stemning på Scandic Parken. Kvelden ledes av Elin Moen Karlsen og Holger Austvoll i Strandbuen – og Linda Engan som vi kjenner frå Saltenposten. Det blir garantert ei flott avrunding også på landsmøtets første dag.

Artikkelen held fram under bildet av Ken André Ottesen:

Før og etter alt dette, handlar det om ny kunnskap og erfaringsutveksling. I år slår vi også til med tidenes idédugnad i jakten på nye inntekter og bedre lokalaviser på nett og papir. Dei aller fleste som pleier å delta på LLAs landsmøte, reiser heim med praktisk kunnskap som kan brukast i eigen aviskvardag alt måndag morgon. Slik skal det bli også i år!

Landsmøteprogrammet time for time finn du her.

Sjølve landsmøtehotellet Scandic Parken er no fullt, men vi har sikra oss nokre ekstra rom på hyggelege og fine Hotel 1904, som ligg to steinkast, altså ca 100 meter unna landsmøtehotellet. Send ein epost til Lene Østberg i LLA (lene@lla.no) dersom du vil prøve å få plass.

Alt om landsmøtet har vi samla på LLAs landsmøtesider.

Hjarteleg velkomen til Ålesund!

Frå Drammen Teater i fjor. Også i år opptrer musikalske talent frå egne aviser.