Avlyst: Landsmøtet 2020 time for time:

Etter drøye 20 år kjem endeleg LLAs landsmøte i 2020 attende til Ålesund. Hotel Rica Parken er blitt til Scandic Parken, men Sunnmørsbyen i Jugend-stil ligg framleis idyllisk til ved sjøen og helsar lokalavisfolk frå store deler av Norge velkomen. I tillegg til årets og kanskje tidenes største idèdugnad for avisbransjen, blir LLAs landsmøte ei flott blanding av plenumsforedrag, praktiske parallellsesjonar og kurs, erfaringsutveksling, idèdugnad, kulturinnslag og spennande prisutdelingar.

Dagen før dagen, torsdag 12. mars klokka 17.00, blir det formelt årsmøte, generalforsamling i Lokalavissamkjøringa og leiarsamling med pressepolitikk og rammevilkår. Då har vi blant anna med oss Medietilsynets direktør Mari Velsand og Åslaug Sem Jacobsen, som er i kulturkomiteen på Stortinget.

Sjølve landsmøtehotellet Scandic Parken er no fullt, men vi har sikra oss nokre ekstra rom på hyggelege og fine Hotel 1904, som ligg to steinkast, altså ca 100 meter unna landsmøtehotellet. Send ein epost til Lene Østberg i LLA (lene@lla.no) dersom du vil prøve å få plass.

Her kan du laste ned prislista for landsmøtet 2020:

Landsmøtepriser2020

Foreløpig landsmøteprogram frå start til slutt finn du under her. Programleiar blir NRKs Bibbi Kjølås (bildet).

Torsdag 12. marsFredag 13. marsLørdag 14. mars
17.00 – 19.00

Formelt årsmøte, generalforsamling i Lokalavissamkjøringa og leiarsamling, mest om pressepolitikk og rammevilkår

Frå 10.00

Registrering, leverandørbesøk, avisprat og Norges største avisbord

08.00 – 09.30

Frokost, avisprat og leverandørbesøk

11.00

Offisiell landsmøteopning; kulturinnslag, LLAs styreleiar Øystein Øygarden og inspirasjons- og trendforedrag med Lars Rinnan

LLA og NRK fortel om storsatsing på journalistikk i fellesskap.

09.30

Kjell «Kjellen» Bigseth drar landsmøtedag 2 i gong.

Ingvar Sandvik, Kantar, mediertrendene for 2020 på 20 minutt

Oppkjøring til idédugnad

13.00

Lunsj, mingling, leverandørbesøk og avisprat

10.30

Lokalavisenes store idédugnad

14.00 – 16.30

Parallellsesjoner og InDesign kurs

12.00 – 13.00

Lunsj, avisprat, leverandørbesøk og Norges største avisbord

19.00

Fredagspizza, oppkjøring til Årets lokalavis-utdelinga, Ken André Ottesen på Ba-DesKen (bildet) og LLA-familiens egne musikalske krefter

13.15 – 15.00

Idédugnaden fortsetter

15.15

Byvandring med guide (påmelding på førehand)

19.30

Festmiddag, kulturinnslag og gjeve prisutdelingar

Sjølve landsmøtehotellet Scandic Parken er no fullt, men vi har sikra oss nokre ekstra rom på hyggelege og fine Hotel 1904, som ligg to steinkast, altså ca 100 meter unna landsmøtehotellet. Send ein epost til Lene Østberg i LLA (lene@lla.no) dersom du vil prøve å få plass.

Dagen før dagen, klokka 17.00 torsdag 12. mars, blir det leiarsamling med LLAs formelle årsmøte, innovasjon, pressepolitikk og rammevilkår. Blant anna deltar Medietilsynets direktør Mari Velsand (bildet) og Åslaug Sem Jacobsen i Stortingets kulturkomite.