17mai-Avisa-Hordaland2

Skal lage feststemning via skjermen

Det digitale vert viktig også for årets 17. mai-stemning. Avisa Hordaland har planlagt både direktesending og fleire videosaker for den store dagen.

Avisa Hordaland hadde si aller første direktesending 17. mai 2019. Då pandemien i fjor gjorde at mange skulle feire heime, var det naturleg for avisa å bidra til 17. mai-stemning via skjermen med ny direktesending.

– Det gjekk såpass bra at vi vil gjere mykje av det same i år, seier Ørjan Brattetveit. Han skal vere programleiar i lag med Marita Saue Hamre, i år som i fjor.

Dei håpar å bidra til feststemning for vossingane med band og ulike gjestar. Dessutan vert det straffesparkkonkurranse på direkten.

Fjorårets sending hadde bra sjåartal live, dessutan såg mange sendinga i ettertid. Her kan du sjå eit utdrag av sendinga i opptak.

Her kan du sjå ei samlesak med fleire videoopptak som Avisa Hordaland samla på 17. mai i fjor.

Avisa har vald å gjere nokre endringar i årets program. I fjor hadde dei ein del innslag undervegs som var laga klar på førehand. I år blir desse heller lagt ut som eigne saker på nettavisa. Dette gjeld ulike kulturinnslag, taler som er spelte inn på førehand og videoinnslag frå ulike bygder der det mellom anna skal vere traktorparadar og veteranbilparadar. Noko av dette er laga av avisa, noko er laga av heradet.

Avisa har også eit tett samarbeid med IT- og mediefag på Voss gymnas, som lagar film med materiale frå tidlegare 17. mai-feiringar. Medieelevane har og forsøkt å få barnehagar og skuleklassar til å syngja ropa sine på film, eller lage ei lita førehandsfeiring til ære for kameraet.

Programleiarane Marita Saue Hamre og Ørjan Brattetveit vil lage 17. mai-fest for avislesarane.

I samarbeid med 17. mai-komiteen har avisa og invitert til teiknekonkurranse. Vinnarteikninga skal vere framside på det digitale 17. mai-programmet.

– Vi har fått inn om lag 200 teikningar. Teikningane er så spesielle at vi kjem til å lage saker på det. Det er tydeleg at dette handlar om å feire åleine, seier Ørjan Brattetveit.

Også i fjor var det digitale viktig på 17. mai. Sjå LLA-idebankens 17. mai-idear frå i fjor.