Håvard Sætrevik (t.v.), Marius Nissestad og Jarle Håvik i Grenda skal lage 17. mai-sending frå Kvinnherad. Foto: Grenda
Håvard Sætrevik (t.v.), Marius Nissestad og Jarle Håvik i Grenda skal lage 17. mai-sending frå Kvinnherad. Foto: Grenda

17. mai: Tar lesarane med ut via skjermen

I år kan lokalavisa vere ekstra viktig for 17. mai-stemninga.

Mange LLA-aviser vil gjere sitt for at flest mogleg skal få med seg det som skjer på nasjonaldagen, og fleire planlegg direktesendingar på nett-tv. Mange vil truleg halde seg heime på dagen, så ei direktesending kan treffe ekstra mange i år.

Fanaposten skal ha sin første direkteproduksjon, om ein ser bort frå at dei har streama nokre folkemøte tidlegare. Dei har lete seg inspirere av Gjesdalbuen og investert i Flowplayer for å få si eiga publiseringsplattform. Dei har også kjøpt inn kamerautstyr, men for å vere på den sikre sida vil dei filme med mobil på 17. mai.

Det er likevel mykje nytt å setje seg inn i når redaksjonen skal veksle mellom video frå to mobilar og klippe inn innhald som er tatt opp på førehand. Redaktør Ståle Melhus er førebudd på at alt ikkje går heilt etter planen under direktesendinga.

– Eg håpar at det viktigaste for lesarane er at dei kan få med seg det som skjer, og at takhøgda er stor. Dei veit at vi ikkje er NRK eller TV2, seier han.

Både direkte og opptak

Fanaposten skal følgje morgonarrangementet som skjer på fleire ulike stader. Dei har avtalt å køyre ilag med leiaren for 17. mai-komiteen mellom stadene, slik at dei kan fylle hôlet i programmet med intervju med han.

I tillegg gjer dei fleire opptak på førehand. Dei skal mellom anna ta dronebilete og filme eit korps og ein solist som syng tradisjonsrike 17. mai-songar. Dei får tilsendt opptak av ei gudsteneste, og dei har opptak av taler med byrådsleiaren, statsministeren (som er frå Fana) og ein stortingsrepresentant. Alt vert gjort i samarbeid med 17. mai-komiteen.

Under live-sendinga vil det vere to journalistar ute. Melhus og den tredje journalisten skal vere inne, og er klare til å ta over dersom noko skjærer seg.

Sendinga kan også sjåast i opptak, og blir lagt ut gratis. – Ingen plar å betale for å delta på 17. mai-arrangement, difor vil vi at det skal vere gratis på våre nettsider også, seier Melhus.

Flyttar studioet ut

Hallingdølen flyttar TV-studioet sitt ut i Gol sentrum 17. mai. Herfrå blir det livesending med gjester og aktivitetar. I tillegg blir det innslag frå alle kommunane i dalen, noko frå live-reporterar og noko i form av reportasjar i opptak.

– No jobbar vi på spreng for å rigge til alt av live, planlegge kva som skal skje ute i felt, og fotojournalist Elias Dahlen lagar førehandsproduserte reportasjar heile denne uka, fortel redaktør Lillian Holden.

Les meir: Samlar Hallingdal til felles 17-feiring

Nesten direkte

Grenda vil også ha sending med innslag frå fleire bygder. Med færre hender enn Hallingdølen vel dei difor å reise rundt og gjere opptak først, og deretter sy det saman til ein «17. mai-revy» som dei publiserer på ettermiddagen.

Mykje vil føregå samstundes rundt i bygdene, Grenda har difor også gjort førehandsopptak fleire stader som dei vil krydre sendinga med på ein god måte. Det blir både intervju og kommentarar, musikkinnslag, talar og konkurransar.

– Planlegginga har gått bra, men i år er det mykje som har vore uvisst veldig lenge, slik at dei siste brikkene i programmet neppe er lagt enno, kommenterer redaktør Håvard Sætrevik.

Seks timar direktesending

Gjesdalbuen planlegg heile seks timars direktesending på 17. mai. I tillegg til gode gamle 17. mai-tradisjonar som flaggheising og taler, vil det også bli mykje nytt. Gjesdalbuen skal mellom anna sende direkte frå toget i Oltedal der kvar skuleklasse har dekorert ein egen bil og innbyggjarane sin bilkortesje rundt Limavatnet.

Alle skulane i Gjesdal har sendt inn videoar av at de syng songar som skal visast i sendinga, og Gjesdalbuen har oppmoda folk til å sende inn eigne bilete og videoar frå sine eigne feiringar.

Folk i Gjesdal har også blitt oppmoda om å ta flagget med seg på tur til næraste topp, og Gjesdalbuen skal ha direktesendt reportasje frå to toppar.

Her kan du lese meir om Gjesdalbuens 17. mai-program.

Andre moglegheiter

Har du ikkje ressursar til å lage eiga 17. mai-sending? I staden kan du oppmode lesarar til å sende inn sine eigne videosnuttar og bilete, og kanskje du kan alliere deg med nokon som er på jobb på sjukeheimen, ein russ og nokon i 17. mai-komiteen som kan sende deg nokre oppdateringar i løpet av dagen?

Finn også fram nokre blinkskot frå tidlegare feiringar, til dømes frå i fjor, frå grunnlovsjubileet i 2014, eller frå endå eldre arkiv, og publiser dei som ein historisk biletkavalkade.