Prosjektet «Den store folkevandringa» har fått stor merksemd, mellom anna i Debatten på NRK1.
Prosjektet «Den store folkevandringa» har fått stor merksemd, mellom anna i Debatten på NRK1.

Oppdatering: Over 500 lokalavissaker publisert om Folkevandringa

Dei siste vekene har folketal og flyttestraumar vore tema i svært mange saker på NRK og i LLAs medlemsaviser.

Oppdatering 6. mai: Vi har til no talt nær 500 saker i 65 lokalaviser. I tillegg har NRK hatt ei mengd saker på nett, radio og TV.

Torsdag 22. april var temaet oppe på Debatten på NRK1. Der vart mellom anna ei sak frå Kvinnheringen trekt fram. Kvinnheringen hadde intervjua kommunedirektøren, som sa at det i framtida kan bli umogleg å tilby like tenester i heile kommunen.

Eldrebølgja kan skape store utfordringar for mange kommunar. Det er ikkje berre Kvinnherad som kan få problem med å gje heimetenester til folk i utkantane. Dette er eitt av fleire viktige tema som har blitt belyst som del av «Den store folkevandringa», samarbeidsprosjektet mellom 99 av LLAs medlemsaviser, NRK og Senter for undersøkende journalistikk (SUJO).

Sakene i prosjektet dreier seg om kvar folk flyttar til og frå, kvifor dei flyttar og kva konsekvensar det får for lokalsamfunna.

Det har truleg aldri tidlegare vore eit redaksjonelt samarbeid av denne storleiken her i landet, og prosjektet veks framleis. Temaet vil vere aktuelt i lang tid framover, ikkje minst fram mot valet i haust, og det er ikkje for seint for nye aviser å ta i bruk researchmaterialet for å lage god lokaljournalistikk.

Dei lokalavisene som er i gang, har kontakta svært mange innbyggjarar, ofte med utgangspunkt i gamle klassebilete, for å kartleggje kvar dei har busett seg og kvifor. Dei har sett på kvar folk drar for å studere, og kva det betyr for framtidig busetjing. Mange har også sett på kva innvandrarane betyr for busetjinga i distriktet.

I LLAs idébank finn de omtale av mange av sakene. Der kan de også lese ein del av sakene, mellom anna Kvinnheringen sitt intervju med kommunedirektøren.