Eldrebølga er tilsynelatande komen til Kvinnherad. No døyr det fleire enn det vert fødde i kommunen, skriv journalist Peder Sjo Slettebø i Kvinnheringen.
Ein større andel eldre kan føre til at kommunen ikkje vil makta å tilby alle eldre i Kvinnherad like tenester. Det svarte Kvinnherad sin kommunaldirektør i ei spørreundersøking som vart gjort i samband med «Den store folkevandringa», samarbeidsprosjektet mellom NRK, Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og LLA.
Kvinnheringen har tatt tak i dette, og spurt kommunedirektøren.
– Betyr dette at folk i til dømes Åkra, på Varaldsøy og Fjelberg i framtida kan risikera å ikkje få tilgang til dei same hjelpetenestene som folk i meir sentrale delar av Kvinnherad?
– I ytterste konsekvens ja. Men dette er ei problemstilling som gjeld dei aller fleste distriktskommunane i Norge, og Kommunenes Sentralforbund (KS) har mange prosjekt retta mot nettopp dette. Mellom anna gir digitalisering ein del moglegheiter, forklarer kommunedirektøren.
Ho oppmodar alle eldre om å få inn skikkeleg fiber i huset og begynna så tidleg som mogleg å tenka på om huset er godt nok tilrettelagt. I tillegg trur kommunedirektøren at vi i større grad må sleppa til private omsorgstilbod.
Ho har og eit syn på kva som kan snu den negative utviklinga i folketalet: Arbeidsplassar og næringsutvikling, levande lokalsamfunn med sosiale møteplasser og gode kommunikasjonar.
Les heile saka til Kvinnheringen.