Tysver

Lokal handel: Næringslivsavis og nærmiljøkampanje betyr nye viktige inntekter

Også dette korona-året blir det lite kunngjeringar og annonser om arrangement. Tysvær Bygdeblad er blant lokalavisene som har snudd seg rundt og funne nye inntektsmuligheter: No dyrkar lokalavisa handle lokalt-aktivitetar.

Både redaksjonen og markedsmedarbeidarane i Tysvær Bygdeblad (bildet) tenker nytt og kreativt når dei tradisjonelle annonseinntektene forsvinn i takt med epidemien og delvis nedstengte lokalsamfunn. Lokalavisa i Tysvær, som kjem ut på papir éin gong i veka, har også tatt i bruk meir levande lyd og bilde i nettutgåva. Kvar månad legg avisa ut ein videosnutt om butikkar og bedrifter i nærmiljøet. I første videosnutt får lesarane intervju med eit par servicebedrifter – og éin matvarebutikk.

Målet er å besøke alle bygdene i dekningsområdet for å lage samme type lyd- og bildeinnslag i løpet av året. Det er journalist Mona Terjesen som så langt lager videoinnslaga. Næringslivsstoff frå nærmiljøet er populært også i Tysvær.

Samtidig har markedsavdelingen ved Gro Lothe og Anne Marie Rossebø fått med seg lokale butikkar og bedrifter på nye annonseformat og satsingar også i papirutgåvene: Blant anna trykker avisa i dag første heilside med «Sammen for lokal handel». Over 50 små og store bedrifter spleiser på annonsen, som skal publiserast kvar månad ut året. Dei fleste bedriftene betaler litt, fem hovudsponsorar betaler ein del meir. I sum får Tysvær Bygdeblad inn bra med inntekter på nærmiljø-kampanjen sin.

– Det er viktig å få ein god start på året og ha litt i botn. Til liks med mange andre aviser, har vi mista masse annonseinntekter på avlyste arrangement, sier Gro Lothe. Ho har også lova dei største samarbeidspartnarane innhaldsmarknadsføring seinare i 2021. Dei fem største sponsorane i nærmiljø-kampanjen vil også få logoane sine i annonsekampanjen som LLA har sendt ut til alle medlemsavisene.

– Det handlar om å prøve og feile. I desse tidene er folk veldig opptatt av lokal handel, så vi får bare gjere det beste ut av det, seier Lothe. Ho er også glad for eit godt samarbeid med lokalavisa Grannar, som kjem ut i nabodistriktet.

– Det er dei som har inspirert oss til nærmiljøkampanjen og latt oss bruke deira annonseoppsett, som vi har tilpassa til vårt bruk. I mange år har vi også samarbeidd med naboavisa om eit næringsbilag. Ei ny utgåve kom denne veka – som bilag både i Tysvær Bygdeblad og Grannar. Her får folk næringslivssaker frå Bokn, Etne, Tysvær og Vindafjord.

Du kan høyre meir om kampanjen på LLAs neste lokal handel-samling på nett.

Redaktøren i Tysvær Bygdeblad, Alf-Einar Kvalavåg, er også begeistra over samarbeidet med Grannar – og ikkje minst satsinga på lokal handel og næringslivsstoff i lokalavisene:

Årets første felles næringsbilag er smekkfullt av store og små saker og annonser – om store og små bedrifter. Nettopp det trur Kvalavåg er oppskrifta på eit interessant bilag for lesarane.

– Vi skriv både om mulige milliardinvesteringar i batterifabrikk og om den lokale blikkenslagaren som har ført gamle handverkstradisjonar vidare. Det er jo dette mangfoldet vi har her i distrikts-Norge, då må også vi i lokalavisene vere flinke til å vise det varierte næringslivet fram for lesarane våre.

Redaktøren i Tysvær Bygdeblad understreker at det ferske næringsbilaget deira ikke er noko «søndagsskuleavis». Fordi dei kan bruke litt meir tid på sakene og har litt større plass å boltre seg på, kan journalistane også stille kritiske spørsmål til bedriftsleiarane, men samtidig la dei få plass til å svare godt for seg.

– Det aller viktigste for oss i lokalavisene er å vere ute blant folk. Når nokon i avisa besøker ein lokal butikk eller ei industribedrift i forbindelse med eit prosjekt, møter du alltid på andre spennande folk i samme slengen. Og kjem tilbake til avisa med tre-fire andre tips og saker! seier Kvalavåg.

– For ei stund sidan arrangerte vi ein idédugnad ute i havgapet på Røvær, saman med LLA og Merkur-programmet. Etter det laga vi minst sju-åtte saker om lokal handel og næringsliv. Alt treng ikkje vere på nivå med dei store sakene i tidsskriftet Kapital, det handlar om å begynne i det små og bare ta fatt på det som er overkomeleg i kvardagen til oss lokalaviser, seier redaktøren i Tysvær. Kvalavåg oppfordrar både journalistane og marknadsmedarbeidarane til å kome seg ut av kontoret, drikke ein kopp kaffi med folk – og slik få vite om alt som skjer i bygdene. Også i næringslivet og i lokale butikkar.