Lokal handel-samling på nett
LLA
Hordaland Folkeblad og Tysvær Bygdeblad er blant avisene i LLA-familien som har fått med seg butikkane på spennande lokal handel-aktivitetar på nett og papir. I tillegg til å bidra til lokal handel, drar begge avisene inn ekstra annonsekroner på det dei no gjer. Vil du høyre meir om kva Hordaland Folkeblad og Tysvær Bygdeblad skaper lokalt, bør du altså vere med på nettsamlinga for markedsmedarbeidarar i LLA-avisene i morgon torsdag klokka 08.30.
Også Aina Sofie Brox i Merkur-programmet blir med oss i morgon. Vi får blant anna vite litt om årets handle lokalt-dag.
Dersom du var med på forrige samling med Rune Henden i Fjordenes Tidende og Polaris, er du alt med i Teams-gruppa vår. I så fall har du alt fått invitasjon frå Teams, og kan torsdag morgon bare klikke på linken du har fått. Eventuelt finn du også linken i kalenderen din, eller i spam-filteret.
Hvis du ikkje alt er med i LLAs Teamsgruppa for markedsmedarbeidarar/lokal handel, kan du sende ein epost til lene@lla.no før klokka 13.00 onsdag, så legg vi deg inn. Gruppa blir oppdatert etter det, så nye deltakarar kan sjå etter Teams-invitasjonen på slutten av dagen.
Spørsmål? Ta kontakt med Geir K. Hus i LLA, mobil 452 89 333, geir@lla.no eller Lene Østberg, mobil 452 89 222 eller lene@lla.no
Hjarteleg på gjensyn til ny lokal handel-samling torsdag klokka 08.30.