Under LLAs idédugnad i vår, spurte vi også om kva arrangement lokalavisene kan lage. I Ålesund utfordra vi også avisene til å gruble på undersøkande journalistikk i heile Norge, som kan delast på tvers av kommunegrenser og dekningsområde? Her er landsmøtedeltakarane sine tankar om det:
Kva event/arrangement kan lokalavisa stå bak?
- Konsertar
- Bilens dag
- Rebusløp
- Lokal debatt, på nett-tv og/eller podcast
- Folkemøte
- Andeløp til inntekt for lokale gode formål
- Abonnementsfest med dans og livemusikk
Kan vi lage undersøkande journalistikk over heile landet, som kan delast?
- Nærpolitireformen;
- Kva er konsekvensane i responstid?
- Oppklaringsprosent: statistikk før og etter innføring av reforma, fordelt på ulike kriminalområde på regionalt- og distriktsnivå
- Samarbeid etter modell av Den store folkevandringa
- Grenselause redaksjonar
- Felles redaksjonsmøte for fleire lokalavise innanfor ein region
- Lage felles podcast ut frå aktuelle tema innanfor geografiske område
- Utnytte kompetanse på tvers av redaksjonar og aviser. Ta vare på det sosiale
PS! Vi minner i samme slengen om at LLA og Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) snart er i gang med eit nytt graveprogram. Først samling er i timane før Lokal & digital-konferansen vår på Flesland/Bergen torsdag 3. november. Les meir om graveprogrammet her.
LLAs idéfest i Ålesund blei leia av Gudrun Rudningen og Arne L. Bygdås (bildet under) frå Arbeidsforskingsinstituttet ved Oslo Met.
Denne høsten legg vi alt frå gruppearbeidet ut her i idébanken. Tidlegare saker:
1: Slik kan avisa jobbe godt med egne ideer
2: Dette er lokalavisa i år 2029
3: Send ein SMS til alle unge i kommunen din
4: Kva digitale abonnementskampanjar kan vi ha?