Idefest 8

Idéfest 4: Kva digitale abonnementskampanjar kan vi ha?

Også denne utfordringa fekk folk på LLAs landsmøte i vår. Eitt av svara: Lag tilflyttarpakke, gjerne som ein app.

I dag formidlar vi utfordringar og tilhøyrande idear med digitalt preg frå landsmøtet i Ålesund:

Kva digitale kampanjar og idear kan vi lage, for å få fleire lesarar og abonnentar?

  • Publisere «teasere» på Facebook, Instagram, TikTok, SnapChat – for å få folk inn til nettutgåvene våre
  • Fortelle historier med levande bilde og lyd
  • Fortelle om det gode livet i nærmiljøet – som du ikkje får andre stader
  • Vere der vi møtes: Det du må sjå og oppleve utanfor nettet
  • Vere personleg: Kjente fjes fortelle kort om avisa, eller ha promofilm med nøgde abonnentar
  • Ungdom kan delta på enkel måte. Lage korte videosnuttar og hologram
  • Reklamefilm med verv og vinn. Og invitere folk til å vere redaktør for éin dag
  • Tilflyttarpakke og/eller tilfyttar-app: Abonner på lokalavisa, her er alt du treng vite som tilflyttar. Også gåvekort frå lokale verksemder
  • Ambulerende digitalhjelp, mest for eldre. Pop-up på kjøpesenter/sentrum
  • Satse på meir streaming og sakte-TV
  • Betalingsløysingar i takt med tida; brukervennleg/intuitivt/enkelt
  • Bli abonnent – sett dagsorden! Vi fyller tanken din! Vi tek straumrekninga di!

Idear til video/film/tv/strømming:

  • Kjør livedebattar
  • Mindre redaksjonar kan tilsette videojournalist i samarbeid med fleire/andre aviser
  • Alt kan filmast!
  • Alle intervju/saker, også når markedsmedarbeidarane er hos kundar
  • Kjøp inn webkamera som kan lånast ut til lokale begivenheter, til dømes lamming i fjøset, arrangement, lag og foreninger
  • Vis meg traktoren din! Vis meg kjæledyret ditt!
  • Streaming av naturfenomen
  • Besteforeldre og barnebarn utfordrar kvarandre

LLAs idéfest i Ålesund blei leia av Gudrun Rudningen og Arne L. Bygdås frå Arbeidsforskingsinstituttet ved Oslo Met.

Denne høsten legg vi alt frå gruppearbeidet ut her i idébanken. Tidlegare saker:

1: Slik kan avisa jobbe godt med egne ideer

2: Dette er lokalavisa i år 2029

3: Send ein SMS til alle unge i kommunen din

Vi minner også om innovasjons- og utviklingstilskuddet som Medietilsynet lyser ut, som særleg er tenkt til innovasjonsarbeid i lokalavisene. Prosjektsøknader må lagast no snart! Sjå Medietilsynets nettsider, men ta gjerne kontakt med LLAs Tomas Bruvik for idémyldring og tips.

Medietilsynet støttar også lokale lyd- og bildetiltak gjennom støtteordninga til lokalkringkasting.