Bø blad har mellom anna undersøkt kva barnehagar som har nytta seg av tilskottet til bassengtrening. Foto: Privat
Bø blad har mellom anna undersøkt kva barnehagar som har nytta seg av tilskottet til bassengtrening. Foto: Privat

Har avdekka store forskjellar på symjinga

Bø blad har avdekka store forskjellar på symjeundervisninga på dei fem barne- og ungdomsskulane i kommunen.

Det er òg store forskjeller i kor stor del av elevane som klarer kompetansekrava. Å ha tilgang på eige basseng nær skulen er avgjerande, har avisa funne ut.

– Sakene har blitt særleg aktuelle hos oss som er den einaste samanslåtte kommunen i Telemark – og den viser to heilt forskjellige kulturar for symjeopplæring i dei to tidlegare kommunane Bø og Sauherad, fortel redaktør Hilde Eika Nesje.

– I Sauherad har dei hatt skulebasseng, dermed har dei hatt heilt andre føresetnader til å ha opplæring enn i Bø. Skilnadene er veldig store når det gjeld talet på symjetimar. I tillegg viser sakene at med nærleik til basseng kan ein integrere opplæring i gymtimane utan ekstra kostandar og innleige av vikarar. Nå har den samanslåtte kommunen kritisk økonomi og ein må spare overalt – skulebassenget står dermed i fare for å ryke, legg ho til.

Avisa har hatt ei rekkje saker om symjing i samband med prosjektet «Hele Norge svømmer», samarbeidsprosjektet der Norges Svømmeforbund, Redningsselskapet, NRK og lokalaviser set fokus på symjeevner blant norske barn og unge. Bø blad har hatt inne ein frilansar som gjorde at dei fekk tid til å nytte seg av bakgrunnsmaterialet som NRK har delt med lokalavisene. Ta kontakt med laila@lla.no om du vil ha tilgang til materialet.

Bø blad har òg fortalt historia om ein tidlegare båtflyktning som har gått frå å ikkje kunne symje i det heile til å ha blitt symjeinstruktør i den lokale symjeklubben. Dei har intervjua fjerdeklassinger om symjeopplæringa i skulen, dei har sett på kor mange barnehagar som søkjer på særmerkt tilskot til symjeundervisning frå Statsforvaltaren, og dei har hatt enquete der dei spurde:
  1. Kan du symje?
  2. Hadde du klart kompetansekravet for 4.klasse?
  3. Kan du livredning?
  4. Har du hatt behov for å kunne livredning? Kva skjedde?

KOMPETANSEKRAV I SYMJING – 4. KLASSE:

Vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land.