Butikkstoff er godt lesestoff. Lokalavis bruker drone for å vise kva som skjer.

Lokalavisa Møre filmar med drone for å vise folketomme handlegater i Volda og Ørsta. Deretter følgjer avisa opp med spennande reportasjar om kreative butikkar som finn på nye tenester for å få kvardagane til å gå rundt.

Møre i Volda viser tydeleg at det kan lagast mange gode reportasjer også frå butikk- og næringslivet i desse dagar. Lokalavisa får også fram at det er mogeleg å få ting til sjølv i krevjande korona-tider. Redaktør og dagleg leiar Tore Aarflot fortel:

– Vi starta med å dronefilme Volda og Ørsta i beste handletid laurdag for to veker sidan. Vi har drone-sertifikat for denne type filming. Ikkje uventa viste bildene at det nesten var folketomt i handlegatene.

Saka vart publisert både på nett og papir, sjå nettsaka og dronefilmen her.

– Vi har følgt opp med reportasjar frå næringslivet som har funne nye tenester for å få butikkane til å gå rundt, blant anna om verkstadar som hentar bilar heime hos folk og om butikkar som køyrer heim varer til kundane. Vi skriv om fleire butikkar som aukar omsetninga trass i koronakrisa, seier Møre-redaktør Aarflot. Og held fram:

– For ei veke sidan hadde vi med oss ordføraren på handletur i Volda. Før vi gjorde dette, hadde vi tett kontakt med dei lokale helsestyresmaktene, slik at artiklane blei laga på ein forsvarleg måte. Vinklinga var trygg handel og at vi må lære oss å leve med korona-krisa pustande i nakken.

Saka i nettutgåva kan du sjå her.

– Korleis har responsen vore blant lesarane?

– Vi har fått svært gode, og rørande, tilbakemeldingar, vi er faktisk blitt meir audmjuke av det vi høyrer frå folk. Møre er oppteken av å skrive om dei som har løysingar i ei vanskeleg tid.

– I dag torsdag 2. april følgjer vi opp med spleiseannonse i papirutgåva vår. Det gjer vi saman med Volda næringsforum og ”Med hjarte for Volda”. I tillegg har vi annonser frå butikkar som framleis har ope, seier Tore Aarflot.

Artikkelen held fram under annonsene:

Tore Aarflot legg ikkje skjul på at lokalavisa gjerne vil gi handelsnæringa ei hjelpande hand, ikkje minst med tanke på at det skal vere ei tid etter koronaen også.

– Og så håper vi på at artiklane og annonsene kan føre til at folk oppdagar at det går an å handle trass i koronakrisa, seier Møre-sjefen. Aarflot-slekta har vore i mediebransjen heilt sidan 1810. Då blei Norsk Landboeblad starta av Tore Aarflots tipp-tipp oldefar Sivert Aarflot. Etter kvart som nye generasjonar har overtatt, har avisa fått nye og andre navn. Frå 1902 heiter avisa Møre. Familien har også drive Aarflot prenteverk.

Til liks med alle andre lokalaviser, gir dei seg heller ikkje no utan kamp. Tore Aarflot og resten av avismedarbeidarane står på nærast døgnet rundt for å lage viktig journalistikk til innbyggjarane, samstundes som dei altså arbeider tett med butikkane og næringslivet for å skape lokal aktivitet.

Her kan du laste ned pdf-filene av printannonsene:
Møre trygg påskehandel
Møre fellesside

Dronefilmen: sjå nettsaka og dronefilmen her.

Vil du sjå fleire gode eksempler på kva lokalavisene, lokalt næringsliv og kommunane får til? Sjå LLAs idébank, blant anna saka med gode markedsidear.