Gode markedsidéar: Får kommunar og nye annonsørar med på laget

Joda, det er krevjande tider i annonsemarkedet. Samtidig ser vi mange gode eksempler på kva som kan gjerast sjølv i vanskelege tider.

LLAs medlemsundersøking denne veka, vil nok bekrefte det vi såg og høyrte også for eit par veker sidan: Lokalavisene slit stygt med annonseinntektene, markedsmedarbeidarar blir permiterte og mediebransjen håper fortsatt på ein eigen tiltakspakke frå staten. Midt opp i all elendigheten er det likevel lysglimt og muligheter. Rune Henden (bildet) er regional salgssjef i Polaris og arbeider for lokalavisene i Nordfjord og Gudbrandsdalen. Henden har kontor hos Fjordenes Tidende i Måløy, og han er blant dei som held hovudet kaldt, men hjarta varmt. Henden og folka rundt han held humøret oppe og står på så godt dei kan.

– I desse tider får vi ei nyttig påminning om at ingenting kjem av seg sjølv, så vi brettar opp ermene og gjer det beste ut av det, seier Henden.

Blant det Fjordenes Tidende, Fjordabladet, Fjordingen og Firda Tidend i Nordfjordsamkøyringa har fått til, er ein kampanje på nett for Nordfjordrådet. Slik har kommunane Stad, Kinn, Stryn, Gloppen og Bremanger fått ut nyttig informasjon til bedriftene i regionen.

– Vi tok kjapt kontakt med Nordfjordrådet og dei var interessert i å få ut viktig informasjon samstundes som dei var bevisste på å bidra med viktige annonseinntekter til lokalavisene. Vi kasta oss dermed rundt, brukte ein frilansjournalist i Nordfjordeid og fekk Amedia Annonseproduksjon i Harstad til å lage ferdig sidene for oss. I første omgang er alt på nett, så får vi etter kvart sjå om vi får til noko også i papirutgåvene.

Skjermdump av kampanjen se du her, sjå dei to ulike sidene for innhaldsmarkedsføringa i kampanjen her og her. Artikkelen held fram under illustrasjonen.

Rune Henden og gjengen har også fått til eit godt samarbeid med nye Kinn kommune. Denne veka har dei to heilsider i papirutgåvene til Firdaposten og Fjordenes Tidende med informasjon til innbyggjarane. I annonsene får folk gode helseråd og viktige telefonnummer til folk i kommunen.

Artikkelen held fram under eksempelet:

– Vi hadde møte med ein annan kommune i går. Også dei var positive og sette pris på kunnskapen om at vi og andre lokalaviser taper store inntekter for tida. Kommunen skjønte alvoret, og eg håper og trur at dei kjem tilbake til oss og vil ha annonser. På denne måten får kommunane ut viktig informasjon til innbyggjarane, samstundes som dei bidrar til at lokalavisene klarer seg gjennom vanskelege tider, seier Rune Henden.

– Kva med annonsemarkedet elles?

– Stillingsmarkedet lever faktisk bra. Vi har stilling ledig-annonser både frå kommunar, bygg og anlegg, elektro og energiselskap. No har også bruktbil-forhandlarane vakna opp. Folk har jo slutta å reise, så vi har fleire bruktbilforhandlarar som no er offensive og har fleire kampanjar på gang.

– Matvarekjedene?

– Det er lysglimt også her. Rema 1000 har kjørt annonser som avtalt dei siste vekene, også Norgesgruppen er stort sett tilbake hos oss. Eg håper og trur at vi også snart ser Coop att, seier Henden.

Ei anna avis som også har klart å få til noko nytt i det siste, er Avisa Hemnes. Gründer, dagleg leiar og redaktør Knut Martinsen har aldri vore bortskjemt med mykje annonser i avisa, men den siste veka har han faktisk fått eit visst gjennombrot både hos kommunen og hos eit byggevarefirma.

– Vi har mange saker der kommunen er involvert, de ser nærmest på oss som deres informasjonskanal. Nå har vi møtt god forståelse og aksept for at kommunen også bør bruke annonseplassen i Avisa Hemnes. Vi fikk solgt inn to helsider til fullpris, seier Martinsen. Han oppdaga også at folk i lokalmiljøet fleiper med at dei no har bedre tid til å gjere ting dei før har lova seg og sine, men bare snakka om!

– Vi tok en runde i byggevarebutikken og spurte om hva de har mest av på lager. Dermed fikk vi inn en annonse som skal trykkes flere ganger i avisa. Etter påske vinkler vi den mer på våren, seier Martinsen.

Fleire eksempler etter desse to annonsene:

Bø blad er også eit godt døme på ei avis som har fått nye annonsørar på banen:

– Sentrumsringen har så langt gått inn med to heilsider i papirutgåva og bannerannonser i nettutgåva vår. Saman med nokre faste annonser har vi til saman ti heilsider denne veka. Det er eg godt nøgd med i desse korona-tidene, seier salsansvarleg Rune Digranes Bøen.

Enda fleire døme under Bø blad-annonsen:

Også Mediehuset Sunnhordland på Stord hjelper småbedrifter til å tenkje positivt.

– Blant anna held vi fram med Liv i Leirvik-kampanjen vår. Dette starta avisa opp med i fjor. I desse dagar er bodskapen at det er liv laga, seier Merete Lillesand, Sunnhordlands nye kommersielle leiar. I annonsen i papirutgåvene står det blant anna at butikkane i sentrum er fleksible og kan tilby folk levering av varer på døra.

To nye døme finn du under Sunnhordlands-annonsen:

Baard Larsen, dagleg leiar og redaktør i Frolendingen held også motet oppe sjølv om det er tøffe tider i annonsemarkedet for dei fleste lokalaviser:

– Årsavtalen med Froland kommune ruller og går, pluss at de har kjørt på litt ekstra. De store, faste annonsørene er her fortsatt. Og så er det blitt litt ekstra fra handels- og næringsforeningen, regionalt næringsråd, renovasjonsselskapet, fylkeskommunen og noen småannonsører, seier Larsen til LLA.

Eit par eksempler her, blant anna frå Fagskolen i Agder, som til liks med dei fleste andre skular, har søknadsfrist 15. april. Enda fleire eksempler lengre ned i artikkelen!

Frå Nye Troms og markedssjef Eirik Heim fekk vi denne rapporten torsdag:

– Vi har i dag 16 sider med temaet «handle lokalt». Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom redaksjonen og oss i annonseavdelinga. Arbeidet viser også at litt kreativitet i ei vanskeleg tid gir resultat, seier Eirik Heim.

Slik er to av avissidene i dagens papirutgåve av Nye Troms. Artikkelen held fram under bildet.

Rune Henden i Polaris oppsummerer frå Måløy:

– Desse dagane er også ein flott mulighet til å kontakte og hjelpe annonsørar som vi til vanleg kanskje ikkje er så flinke til å pleie. Nokre ber kanskje om litt betalingsutsettelse. Desse kundane gløymer hos ikkje når det blir vanlege tider, så igjen; vi må halde hovudet kaldt og hjarta varmt, seier Rune Henden til LLAs nettsider og idébank.

Lyst på fleire eksempler og artiklar om kva lokalaviser har fått til av markedsarbeid i det siste? Les her:

Butikkstoff er godt lesestoff

Lokalavisa og handelsstanden står sammen.

Disse annonsene kan også din avis lage!

Frå annonsesal til abonnementssal

Slik kan kommunane sine annonser i lokalavisene sjå ut

Vi minner også om at LLA har laga eigenannonser som avisene kan bruke fritt – for å oppmuntre folk til å kjøpe avisa og annonsørane til å annonsere. Materiellet er sendt ut direkte til daglege leiarar og markedsansvarlege, men kan også lastast ned her.

For eit par veker sidan (20. mars) skreiv vi ein kronikk/lesarbrev der vi oppfordra kommunane til å bruke lokalavisas annonseplass for å informere innbyggjarane. Innlegget kan fortsatt brukast av avisene, du finn det her.

Har også du og avisa di gode eksempler på aktivitetar og annonser som andre aviser i LLA-familien kan bli inspirerte av? Send det gjerne til geir@lla.no.

Her er alle pdf-filene omtalt i denne artikkelen, for inspirasjon og idear til eige salgsarbeid:

Kinn kommune

Bø blad Sentrumsringen banner

Bø blad Sentrumsringen

Sunnhordland Liv_i_sentrum

Frolendingen Fagskolen i Agder

Frolendingen Agder Renovasjon

Nye Troms venstreside

Nye Troms høgreside