På vegner av innbyggjarane følgjer lokalavisene den lokale politikken

Vi i lokalavisene gratulerer alle som no tar plass i kommunestyra landet rundt. Over 10.000 kvinner og menn skal dei neste fire åra gjere ein viktig jobb i lokalpolitikken rundt omkring i Norge. Last ned LLAs brosjyre om lokalavisene og politikken på slutten av denne artikkelen.

Heilsideill

For at lokaldemokratiet skal fungere, følgjer lokalavisene kommunepolitikken frå veke til veke. Vi passar på at ei sak eller problemstilling er skikkeleg utgreidd, og vi peikar på praktiske konsekvensar av dei vala politikarane våre gjer.

Samstundes som vi i lokalavisene ønskjer politikarane lukke til med arbeidet, oppfordrar vi også alle andre innbyggjarar til å engasjere seg. Vi i avisene er glade for tips og meiningar om det som skjer i nærmiljøet og i lokalpolitikken. Ta kontakt med lokalavisa di når du har noko på hjarta.

Dersom du vil vite meir om korleis avisene tek samfunnsansvar, kan du lese Landslaget for lokalaviser (LLA) sin brosjyre om lokalavisene og politikken. I desse dagar sender vi den i elektronisk utgåve til alle nyvalde kommunestyremedlemmer – via formannskapskontora. Alle kan også lese brosjyren her på LLAs nettsider.

Her er bla-versjonen på nynorsk. Les brosjyren på skjermen din.

Her er bla-versjonen på bokmål. Les brosjyren på skjermen din.

Dersom du vil laste ned ei pdf-fil av brosjyren, på nynorsk eller bokmål, kan du hente filene her:

LLA Lokalavisa og politikken nynorsk

LLA Lokalavisen og politikken bokmål

På kvar vår måte har vi ein jobb å gjere for lokalsamfunnet. Ver aldri i tvil om kvar lokalavisa har hjarta sitt.

Coverill

 

PS! Dersom du arbeider i ei av LLAs medlemsaviser og ønskjer å bruke eigenannonsene våre om brosjyren og lokalavisenes dekning av kommunepolitikken, kan du hente annonsene her.