Kulturpolitikarar opnar for nullmoms

FrP sin mediepolitiske talsmann seier at han vil arbeida for så låg moms som mulig også for avisene sine nettutgåver. Fleire av kulturpolitikarane på Stortinget går med samme tankane.

Nett

For nokre dagar sidan sa Høgre sin mediepolitiske talsmann Svein Harberg at dei gjerne vil ha plattformnøytral moms for avisbransjen, men overfor fagbladet Journalisten ville Harberg så langt ikkje binda seg til null, fem eller åtte prosent.

Overfor Dagens Næringsliv går i dag regjeringspartner FrP enda lengre: Mediepolitisk talsmann Ib Thomsen seier at dei vil jobba momssatsen på digitale plattformer ned til eit lågare nivå.

– Utgangspunket mitt er null prosent, seier Ib Thomsen til DN i dag.

Til avisa seier Venstre sin Terje Breivik og KrF sin Geir Bekkevold at også dei vil diskutera nullmoms på begge plattformer. Til samme avis uttaler Arbeiderpartiets Arild Grande at dei ikkje har bestemt seg og at ein uansett ikkje endrar momsregelverket midt i ein stortingssesjon. Grande legg til at han fryktar at moms på papiraviser vil senda aviser utfor stupet.

Landslaget for lokalaviser har heile tida kjempa for nullmoms både på papir og nett. Seinast i eit innspelsmøte som kulturminister Thorhild Widvey hadde for bransjeorganisasjonane, ba LLA politikarane om å vera modige. Vi meiner at journalistikken og samfunnsoppdraget til avisene ikkje skal skattleggjast – og det uavhengig av kva plattform vi leverer på.

Les LLAs pressepolitiske status her.

Dagens Næringsliv sitt intervju med kulturpolitikarane kan du lesa i dagens papirutgåve eller her på DNs nettsider (betalingsmodell med 25 % moms…).

Les også Klassekampen sin artikkel om samme sak, der enda fleire står fram og argumenterer for 0-moms for aviser på nett.

Vi anbefaler også leiarartikkelen i Aftenposten 26. mai.