Stephan Dickenson, Per Thime og Morten Andersen ser fram til å starta ny nettavis i Randaberg. (Foto: Jon Asgaut Flesjå)
Stephan Dickenson, Per Thime og Morten Andersen ser fram til å starta ny nettavis i Randaberg. (Foto: Jon Asgaut Flesjå)

Startar nettavis i Randaberg

Eigaren av Øyposten på Finnøy, Stephan Dickenson startar etter nytt år opp ny nettavis i Randaberg, Randaberg24.no.

Til oyposten.no seier Dickenson at han gjer dette fordi Randaberg treng ei reindyrka lokalavis som kan vera på 24 timar i døgnet. Han har og sett dei politiske signala der regjeringa i sitt statsbudsjett aukar pressestøtta til både lokalavisene og ei digital satsing.

I den nye avisa er Morten Andersen tilsett som marknadssjef, medan Per Thime vert ny redaktør. Dei kjem frå lokalavisene Bygdebladet og Lyngdal Avis.

Til si eiga avis seier Dickenson at det ikkje skal vera noko redaksjonelt samarbeid mellom dei to avisene som han no blir eigar av.
-Randaberg 24 skal vera ei reindyrka randabergavis, medan Øyposten skal vera avisa for dei to nye kommunedelane i Stavanger, noverande  Finnøy og Rennesøy kommune, slår han fast.