postkasse2

Førebur nytt anbud for distribusjon

LLA opplever ei positiv haldning til at alle abonnentar skal få papiravisa, uansett kor i landet dei bur.

God distribusjon av papiraviser er avgjerande for at avisene skal fylle si samfunnsrolle også dei neste åra.

Distribusjonsselskapa til avisene dekker ikkje heile landet, men dyraste geografien blir løyst gjennom eit anbud frå og med juli 2020.

Dagens anbud varer til juli 2024. Det blir nå arbeidd med å legge til rette for eit nytt anbud som skal lysast ut i haust.

MBL og LLA har nå jamnleg møte med samferdselsdepartementet (politisk og administrativt), og opplever ei positiv haldning til å oppfylle gjeldande politiske mål; at alle abonnentar skal få papiravisa uansett kor i landet dei bur.

Det skjer mykje også i avisenes distribusjon for tida, både ved endra frekvens for utgjeving og at det er dyrt å halde dagens geografi.

Departementet vil framover arbeide tett saman med avisenes distribusjonsselskap for å finne eit best muleg grunnlag for eit nytt anbud for nye år.

Så gjeld det til slutt at Stortinget løyver nok pengar!