Vintagejournalistikk

“Distriktslækjar Nybø er no ikkje lenger å sjå i den små brune bilen sin. Han har no selt, – og kjøpt att ein 1947 modell “Dodge”. Ser du ein bil, blå av farge – og førebels med amerikansk nummerskilt, så er det distriktslækjaren som er på farten." I høve 60-års jubileet til bladet Tysnes vart notisar frå gamle avisutgåver henta fram att. Morosamt, samstundes som det gir 2013-lesarane eit innblikk i både journalistikk og daglegliv langt tilbake i tid.

Du kan lesa alle notisane i pdf-vedlegget, samt heile jubileumsnummeret.