Korleis vil vi ha det når vi kjem på sjukeheimen?

Under vignetten “Midt i verda” har Dølen snakka med folk om korleis dei vil ha det den dagen dei kjem på gamleheimen. Som ei av fire pilotaviser i LLAs prosjekt Levande lokalsamfunn, er Dølen no endå tettare på lesarane sine.

“Dølen vil vite kva som engasjerer. Vi vil få deg i tale! ”Midt i verda” er spalta for å ta opp aktuelle tema i lokalmiljøet og spesielt ønskjer vi å møte dølar der dei er. Nettopp ”Midt i verda”.
Under denne vignetten tek Dølen opp ulike tema som er relevant for lesarane. Avisa ber også om tilbakemelding på sakene dei har på trykk. Journalistane er svært mykje ute og snakkar med folk, og har dermed mange kjelder i alle aldrar i teksten.

Sjå vedlegg.