Korleis ser politikarane for seg kommunen i 2022?

Kommunesamanslåing, skulestruktur, eldrebølgja, folketal og næringsliv. Korleis ser politikarane for seg kommunen i 2022? Kvinnheringen har fått svar frå åtte politikarar.

Dette er femte og siste artikkel i serien der Kvinnheringen set fokus på Kvinnherad i 2022, basert på hovudpunkta i to scenario som kommuneplanleggjarane har laga. Dei åtte politikarane som alle stiller til val til hausten, har svart på spørsmål som truleg vil vera viktige kampspørsmål når kommunevalet er i gang for fullt. Svara har blitt kutta ned på slik at oppslaget er lettlest og oversikteleg.