Det politiske sirkuset – ein god kommentar frå pressebenken

– Det er synd eg ikkje hadde kamera no, sa Magne Damslora (Ap) til meg under eit kommunestyremøte i Sør-Aurdal for mange år sidan. – Då kunne eg ha fått eit godt bilde av ein sovande journalist. Les journalist Bjørn Karsrud i avisa Valdres sin kommentar om det politiske sirkuset. Morosam om 24 år som journalist i komunestyresalen.


Det politiske sirkuset

– Politikken gjer livet rikare, sa gamlestasjonsmeisteren på Leira, Ola Nybråten (Ap). «Ola gotomeister» syntest politikk var så moro at han sat i kommunestyret i 30 år.

Som journalist i avisa Valdres sidan 1987 har eg sett hundrevis av politikarar koma og gå. Eg har opplevd mykje glede, kreativitet og friske replikkvekslingar, men også frustrasjon, keisemd og ordgyteri.
– Kommunepolitikken er eit langt geisp, var Kjell Ivar Fossnes (Ap) si spissformulering då han slutta i kommunestyret. Ja, ein kan fort bli svevnug.
– Det er synd eg ikkje hadde kamera no, sa Magne Damslora (Ap) til meg under eit kommunestyremøte i Sør-Aurdal for mange år sidan. – Då kunne eg ha fått eit godt bilde av ein sovande journalist.
Stort sett så held journalistane seg vakne. Og stort sett så er saklista såpass interessant at det er grunn til å vera vaken. Men sjølvsagt så kan det vera eit problem når det blir lang dags ferd mot natt. Då kan det sjølvsagt vera ein prøvelse å sitja taus på pressebenken. Ein gong opplevd eg at journalist Anne Kjønniksen braut alle etikette. Ein Sp-representant i Øystre Slidre skulda journalistane for å referere feil.
– Unnskyld, jeg vil bare gjøre oppmerksom på at vi er journalistar og ikke referenter, sa ei provosert Anne. Ho reiste seg opp og ropte utover forsamlinga.
Og under eit gruppemøte i kommunestyret i Sør-Aurdal braut den utålmodige OA-journalisten Audun Midtsveen inn. Eg foreslår følgjande forslag til vedtak, eg. Så blir vi ferdige, sa han.
Men gamleordførar Kristofer Storruste (Ap) ville det annleis.
– Når vi har reist så langt som til Bagn, så får vi bruke dagen, brukte han å seia.
Elles er det viktig at ordføraren er god med klubba. Den aller beste var Erling Øraker (Sp) i Vang. Ein gong då Peder Tømmervåg og Geir Beitrusten dekte eit møte, vart dei samde om å gå under møtet. Men før dei var ute gjennom døra så small klubba: Møtet heva!
No står vi framfor eit nytt val. Vi augnar alt konturane av dei nye laga som skal på banen. Men fyrst skal det vera valkamp, og så skal folket seia sitt.
Det er mange spenningsmoment. Kven blir til dømes ordførarar i Øystre Slidre, Vang og Nord-Aurdal? I Vestre Slidre er det vel greitt, og det er det vel også i Sør-Aurdal, og sikkert i Etnedal. Vi hadde vel kanskje trudd at Jan Arild Berg (Sp) etter lang tids innsats skulle ri inn i den politiske solnedgangen. Men den gong ei. Nok ein gong skal han sale sine to hestar, Valdresbausen og Lenda frå Land. Og då blir blir spennande å sjå kvar det ber hen for Valdres’ minste kommune. Var dette travløp, så ville det i alle fall gitt enorme odds dersom Jan Arild Berg ikkje skulle bli attvald.
Politikarane vil gå inn i ei travel tid. Program skal delast ut, og nok ein gong så skal dei til å brasa og steike valflesk. Bra! Mein eit velmeint råd. Gi oss litt fleire hårute mål.
Men når det «ber i herdingen», og politikarane kjem inn i kommunestyresalen, er det lett å bli bundne av byråkratisk utgreiingar. Men «Look to USA», og lytt til Barack Obama. Han har nyleg innført ei lov som krev at alt offentleg språk skal bli enklare. Ja, her har faktisk både saksbehandlarar, og vi journalistar i andre enden, ei utfordring i å gjera stoffet mest muleg forståeleg.
Til slutt – ein hyllest til dei meir enn hundre valdrisar som i fire år framover skal ofre fritid, bruke seine kveldstimar på å pløye tjukke dokumentbunkar og tåle «terrortelefonar» før og etter gjennomføring av upopulære vedtak. Demokratiet er ikkje perfekt, men så langt har vi ikkje funne opp noko betre. Og ein Gaddafi vil vi jo ikkje ha.
Eit tips til regi og ramme rundt møta når dei nye kommunestyra skal rykke inn til hausten. Puss opp kommunestyresalane. Få vekk det tunge og mørke 70-talspreget som sug energien ut av politikarane. Mål salane lyse og trivelege. Og set fram frukt og sportsdrikk, slik at ein unngår geispande politikarar og sovande journalistar.

Bjørn Karsrud
bjorn@avisa-valdres.no