Avisstativ på vidaregåande skular

Avisstativ har vorte ein del av grunnutrustinga på dei 15 vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Alle dei åtte avisene i fylket vil vera representerte i stativa. – Utan tvil eit prosjekt som vi har store forventningar til. Avisene i distriktet vårt er sjølvsagt akkurat like interessert i å ha god kontakt med ungdomen, som alle andre. Sjølv om ordninga er heilt fersk, har eg allereie fått ei rekkje tilbakemeldingar. Ikkje minst frå skuleleiarane, fortel Tormod Flatebø, redaktør i Fjordabladet.