Deltok på kurs i Brussel

Journalist Ørjan Brattetveit i avisa Hordaland deltok nyleg på EØS-kurs i Brussel i regi av STUP. – Det er fint å få meir kunnskap på dette området, seier Brattetveit.

EØS, EU, EFTA, ESA … Det er lett å gå seg vill i jungelen av forkortningar. Journalist Ørjan Brattetveit tenkte det ville vera nyttig å melda seg på eit kurs som kunne gi han ei betre oversikt over kva som føregår i Brussel, og korleis det påverkar Noreg og Voss.
– Det er mykje landbruk og turisme på Voss. Eg er sikker på at eg vil finna ein del interessante nyhende ved å følgja betre med på kva som skjer i EU. Det dukkar opp relevante saker med jamne mellomrom, som til dømes ostetoll-saka. Eg vil og bruka kunnskapane til å laga analyse- og bakgrunnsstoff til lokale saker, fortel han.
Han har no meldt seg på ulike nyhendebrev for å følgja med på kva som skjer. Kurset anbefaler han til alle.
– Å gå på kurs er bra. Det er ikkje berre det faglege, men også det sosiale som er viktig. Du lærer mykje nyttig, samstundes som du er sosial og vert kjent med andre journalistar rundt om i landet. Det set eg stor pris på, seier han.

Her finn du spørsmål og svar på mykje av det du måtte lura på – om Noreg sitt forhold til EØS, EU og Schengen Og her kan du også melda deg på nyhendebrev og få siste nytt om Noreg og samarbeidet med EU.
Meld deg og på nyhendebrev frå EFTA (øvst på sida)
Andre nyttig linkar