Kva meiner ungdom om lokalavisene?

Det ville vi ha svar på. Difor reiste Tomas Bruvik (redaktør/dagleg leiar i Kvinnheringen) på Noregsturné i regi av LLA, for å snakka lokalavis med ungdommar.

«Ei rekkje aviser får og kritikk for å vera veldig rotete. Ein
sausar saman ei rekkje saker på dei same sidene som
ikkje heng saman»

Som ein del av Ung- & engasjert har vi samla ungdomsgrupper fem stader i landet (Etne, Egersund, Kvinnherad, Svolvær og i Nittedal) for å drøfta både eigen lokalavis og lokalaviser generelt. Dette har vore 36 jenter og gutar i alderen 14–18 år, med ulik bakgrunn og ulike interesser. Ungdomsredaksjonen i avisa Sunnhordland på Stord er også intervjua. I tillegg er sju redaktørar intervjua om korleis dei jobbar med ungdom, og korleis dei tenkjer på ungdommen i avisspaltene. Dei unge avislesarane har gått gjennom store bunkar med lokalaviser frå heile landet, og har danna seg eit bilete av den norske avisfloraen. Vi har drøfta avis generelt, men og gått konkret inn på korleis dei ser på eigen lokalavis. Kva ville dei hatt meir av, og kva meiner dei det står for mykje om i eigen lokalavis? Korleis kan lokalavisene jobba for at ungdommen blir lesarar også i framtida?

Ein del heilt klare fellestrekk merkar seg ut, frå nord til sør i landet:

• I alt for stor grad er det ei svak avslutning på lokalavisene, peikar ungdommane på. Det er fleire aviser som er lite bevisste på kva dei puttar på sistesida. Det er viktig å ha ei solid avslutning på avisa, og det ser det ikkje ut for at alle aviser tenkjer på. Dette er gjennomgåande reaksjonar hos dei unge. Veldig mange byrjar med å sjå på sistesida, og er den keisam er det lett å leggja frå seg avisa.

• Klassisk er det òg at ungdommane blar for å sjå etter gratulantar og helsingar. Å ha denne type stoff bak i avisa er gjerne best, er det mange som meiner. Å starta på side to og tre med f.eks. dødsannonsar tykkjer dei lite om.

• Samsvar mellom bilete og titlar og spreke titlar blir etterlyst.

• Sprekare avisdesign vert etterlyst.

• For mykje tekst og for mange og for dårlege bilete.

• Svart/kvitt bilete irriterer ungdommen og gir dei liten lyst til å lesa saka.

• Klare skille mellom ulikt stoff: sport/kultur/nyhende for seg.

• Å ha eigne ungportrett på fast plass i ei avis, blir trekt fram som veldig positivt.

• Å følgja ein førstegangsveljar i ein serie fram mot valdagen er ein god idé.

• Få av ungdommane finn lokalavisene sine nettsider særleg interessante.

• Aviser som er flinke til å bruka «fire- og fem i farten» får ros. Dette er noko ungdommane tykkjer er kjekt å lesa. Alltidspennande å sjå kva andre meiner om ei sak. Det å bruka denne type spørsmål i nyhendesaker er også bra. Her er det like kjekt å sjå kva både gamle og unge meiner.

• Redaksjonane i landets lokalaviser kan nok i større grad spørja seg på morgonmøte: er dette ei sak vi kan spørja ungdom om? Handlar dette om ungdom òg?

• Fleire stader vert det etterlyst teikneseriar i lokalavisene, dersom ei avis har ein god serie for dei
unge, er det veldig lett å bla opp i avisa for å sjå etter den. Når ein då først har funne fram avisa er
det lett å sjå gjennom heile avisa.

• Ved alle møta vart det påpeikt at ungdommane sakna å bli spurde i viktige saker som gjeld alle i samfunnet.

• Fleire ungdommar var klare på at det kan vera ein idé å få tak i kontaktpersonar ved forskjellige skular, som ein kan snakka med eller som kan hjelpa å finna andre ungdommar avisa kan snakka med. Ungdommen er glade i å bli kontakta.

• Gjengs alle stadene er det ingen tvil om at ungdommen meiner dei blir spurde i alt for få saker som omhandlar dei. Avisene er i liten grad prega av unge menneske.

• Dei saknar å lesa om kva ungdommen meiner i sentrale politiske spørsmål som handlar om framtida til ungdommane i sine respektive bygder. Alt for ofte er det dei same, dei eldre, helst menn, som blir intervjua. Kjeldeutvalet er ikkje godt nok. Ein kikk på dei fleste framsidene til avisene syner menn. Her meiner ungdommane avisredaksjonane må tenkja seg meir om. Når det gjeld å prata med ungdom blir det vist til eit eksempel: Vurderer for eksempel kommunen å stenga kinoen, så er det naturleg å ikkje berre snakka med eldre politikarar om dette. Er det planar om å fjerna eit friområde i ei bygd og byggja hus der, så er det kanskje naturleg å snakka med ungdommane. For det er truleg dei som skal bu i bygda i framtida.

Alle LLA-avisene har fått, eller vil straks få, heftet “Eit møte med ungdom i lokalavislandet” i posten. Ønskjer du å fåt tilsendt fleire hefte, eller ønskjer du ein PDF av heftet, send ein mail til helen@lla.no

Har du innspel til ungdomane sine meiningar? Diskuter gjerne dette her!