Freistar med handlekorg full av varer

Fleire kreative abonnementskampanjar: Vestavind har tidlegare lokka med målar/tapetserar, anleggsgartnar og no ei handlekorg full av varer. Og opplaget auka med 92 frå 2009 til 2010.

– Desse kampanjane har hatt god effekt og lesarane synest dettte er gøy. Vi kan lage redaksjonelle saker på dette, samstundes som vi har vore med og løfta fram folk som er nyetablerte, noko som var tilfelle for både anleggsgartnaren og tapetseraren. Vi har auka med 92 i opplag det siste året (best i Hordaland på LLAs oversikt) så denne formen for kampanje vil vi halda fram med, seier journalist Kari Haukås, som saman med resten av Vestavind skal feira opplagsauken med kake i dag.

Sjå og: Denne annonsen gav 140 nye abonnenter