Bømlo-nytt markerte nyleg sin 40-års dag. Flott eigenannonse med mange gode tips til andre aviser som også skal markere eit jubileum. Les også jubileumsleiaren til redaktør Randi Olsen.
Nær og kjær i 40 år
I morgon, den 30. august, er det 40 år sidan det
aller første nummeret av lokalavisa Bømlo-nytt kom
med posten. Først ein dag kvar veke, der bømlingane
kunne lesa smått og stort nytt om det som skjedde
i kommunen. Seinare gjekk avisa over til to dagars
avis, og så til tre. I morgon inviterer me lesarane våre
og alle andre bømlingar til bursdagskalas på Torget.
I dag vil me nytta høvet til å rosa lokalavisa si rolle
i lokalsamfunnet.
Målsetninga for Bømlo-nytt er mellom anna å vera
lim og lupe i lokalsamfunnet og å vera identitetsskapande.
Lokalavisa skal stilla spørsmål ved forvaltninga
av offentlege ressursar, men skal også fortelja om det
nære og kjære. Om borna som samlar inn pengar
til Redd Barna eller andre organisasjonar, kven som
feirar bursdagar, kven som får barn og kven som er
gått bort. Det er berre gjennom lokalavisa slike daglegdagse
ting vert kunngjort for ålmenta.
No har bømlingane hatt si eiga lokalavis i 40 år, og
både elska og hata. Det er eit godt teikn. For lokalavisa
skal engasjera. Abonnentane skal sakna avisa når
ho ikkje kjem i posten, og dei skal la seg provosera av
avisa. Dei skal også nikka attkjennande til saker, fryda
seg over ungane i barnehagen, flotte konsertopplevingar
eller vakker natur. Dei skal bli overraska over
det varierte næringslivet og vilja lesa meir om kva som
går føre seg bak dørene i verksemdene i kommunen.
Dei skal få vita at dersom dei bryt lova, så vil det få
konsekvensar.
No arbeider me for å kunna tilby abonnentane våre
Bømlo-nytt på fleire plattformer i tillegg til papiret.
Det vil enno gå nokre veker før me er klare, men me
vonar det vil bli ei fin julegåve til abonnentane våre.
Det er alt dette som gjer det så utruleg spennande
å jobba i lokalavisa! At me får bli kjend med kommunen
og folket her på ein heilt spesiell måte. Får
vita kva de håpar og drøymer om, sorger og gleder.
Me håpar det merkast gjennom måten me møter dykk
på at me trivest med å vera ein viktig part i eit levande
lokalsamfunn og ser fram til å levera store og små,
nære og kjære nyhende i førti nye år! Minst!
Leiar henta frå Bomlø-nytt 29. august 2013. Sjå annonse som pdf.