Manglar fotgjengarane refleksar? Start ein bank!

I Haramsnytt sitt dekningsområde har Trafikksikringsfondet for øyane og Haramsøy skule starta ein refleksbank. Bankane, som er fylt med i alt 500 refleksar, er plassert ut på ni sentrale stader.

– Intensjonen er at det skal vere lettvindt for alle å få tak i ein refleks om dei har gløymt å ta med seg heimanfrå, seier Rolf Longva, styremedlem i TFØ. Låner du refleksen frå ein bank, kan du levere den attende i ein av dei andre bankane.

Kan refleksbanken vere ein idé for lokalaviser? Avislogoen kan lyse opp mørke vinterkveldar og bidra til eit tryggare lokalmiljø.