Hordaland_Forsvunne_1

Fortel historia om to mystiske forsvinningar

To personar forsvann sporlaust rett etter kvarandre i avisa Hordaland sitt dekningsområde. No har avisa skildra mysteriet med forsvinningane.

To personar forsvann sporlaust rett etter kvarandre i avisa Hordaland sitt dekningsområde. No har avisa skildra mysteriet med forsvinningane.

For ti månader sidan forsvann to austeuropeiske menn i ulike delar av same lensmannsdistrikt – og i ulike delar av avisa Hordaland sitt dekningsområde. I reportasjen «Dei forsvunne» har Hordaland no gått grundig inn i saka. Reportasjen vart publisert over sju sider i papiravisa og som ein serie på fem delar i nettavisa.

Det er ikkje heilt uvanleg at folk vert meld sakna i den norske fjellheimen. Men politiet på Voss har aldri før opplevd to store leiteaksjonar på same tid – der dei er nesten utan spor og der ingen av dei forsvunne vert funne. I tillegg er det fleire fellestrekk mellom dei to sakna. Tomasz Ziolkowski er ein polsk, 30 år gammal sesongarbeidar, med sambuar heime i Polen. Han vart sist observert på fjelltur, og vert skildra som ein fjellvand mann. Aidas Kackiukas er 40 år gammal og har kone og born heime i Litauen. Han er skogsarbeidar av yrke, og var på si første jobbreise til Noreg. Han hadde fri den dagen han forsvann, og siste sporet etter han tyder på at han har gått til fjells.

Journalistane Ingvild Siglen Berger og Sara Finne har fortalt historia om forsvinningane om ut frå det som er kjent. Dei har snakka med politiet, vitne, frivillig leitemannskap, vener og kollegaer av dei forsvunne. Ingerid Jordal har jobba med foto og layout.

– Eg føler at det har kome fram ein del detaljar som kan gje litt svar på kven desse to var, kva vurderingar som vart gjort med tanke på leiteaksjonane og kvar det vart søkt, og kva som kan ha skjedd med dei. Eg håpar folk ikkje gløymer desse to, men held augo opne på tur i Ulvik og på Brekkhus, seier Ingvild.

Journalistane brukar litterære verkemiddel i forteljinga om kva som skjedde då dei to forsvann, eit eigna grep i slike historier.

Her kan du laste ned pdf av reportasjen.