“Dei lokale fådagsavisene blir ofte oversett i debatten om tilstanden i det norske medielandskapet. Det er eit paradoks, sidan det er denne delen av den mangslungne avisfloraen som har greidd seg best dei siste åra. Desse avisene lever sine anonyme liv på bygdene og i småbyane, utan å bli inviterte til debattprogramma i riksmedia for å forklare eller forsvare kva dei driv med. Dei aller færraste er rike på kapital i økonomisk forstand, men dei sit på ein ideologisk kapital som er gull verd og som framleis er etterspurd. I denne studien har Dimmen sett nærare på journalistikken i dei lokale fådagsavisene og den rolla dei spelar i sine lokalsamfunn."
Rapporten er skrive av Torgeir Dimmen, høgskulelektor ved Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda
Last ned og les heile rapporten her