Ukas bilete: Navarsete i Nordfjord

Ukas bilete er teke av redaktør Tormod Flatebø i Fjordabladet.

Biletet er teke etter at kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vart provosert og sint av sjukehusforkjempar Janne Grete Endal Andersson i Operahuset Nordfjord sist onsdag.
– Biletet er teke rett før det interne SP-møtet starta. Pressa fekk ikkje vere tilstades under møtet. Vi fekk lov til å kome raskt innom og ta nokre bilde før det heile starta. Det var då eg fanga denne situasjonen. Mannen, Anders Ryssdal, er ordførar i landets største Sp-kommune (Gloppen), når det gjeld prosentvis oppslutnad (hugsar ikkje heilt nøyaktig, men det er over 50 prosent). At det også var stor uro blant SP medlemmane før og under møtet er sikkert, fortel Flatebø.

Forsida til Fjordabladet etter Navarsete sitt Nordfjordbesøk såg slik ut: