Ukas bilde: Festivalfoto med spesialeffekt

Det er få delar av landet som ikkje har hatt ein festival denne sommaren. Jonn Karl Sætre i Kvinnheringen tok ukas bilde av Mikhael Paskalev under Festidalen. Sætre har brukt eit Lensbaby-objektiv for å få det konsentrerte fokuspunktet.

Eit kuleledd på ytre del av objektivet gjer at du kan vri og venda på fokusplanet. Objektivet kostar ikkje skjorta, men er svært manuelt, mellom anna må du fysisk skifta blenderopninga sjølv.

– Veldig artig effekt-objektiv for oss som synest kreativ photohopping er juks som ikkje passar inn i avisfoto-sjangeren. Ser for meg at keisame bilde av bygningar, illustrasjonsbilde o.a. kan spritast opp, utan at det blir useriøst, seier den fornøgde fotografen.